Sandvolleyballturnering 2002
Fredag 26.juli etter fotballkampen 


Speaker Helge Hafsås i aksjon. "Grillpikene" i teltet sytte for varm grillmat for svoltne åskodarar.

Hyen Ungdomslag stelte også i år til volleyballturnering på sandbana i Vikja etter fotballkampen på Hyen Stadion, og heile 18 lag var med. Det tek lang tid å avvikle puljespel med såpass mange lag, så det vart godt over midnatt og temmeleg mørkt før turneinga var til ende, og ein laut til slutt til med kunstig lys.


"Dei Fantastiske Fire" sin Jon Egil går i all sin velde opp for supersmash med toppskru.

Favorittane "Dei Fantastiske Fire" med primus motor for turneringa, Jon Egil Gjengedal på laget gjekk heilt til topps føre fjorårsvinnarane "Eggelaget". Fjorårstoarane, Gubbetrimmen sitt lag "Hyen Spesial" med Anders, Kurt, Matias og Rasmus på laget nådde ikkje opp denne gongen. Dei skulda på handicap med sviktande nattesyn for eldre.

Elles var det mange fargerike lag med, og særleg var namna fantasifulle; "Kjell's Angles", "Medaljen's Bakside", "Menn Med Ljå" og "Gata's Parlament" var mellom gullkorna.

Vi kjem attende med meir utfyllande resultatliste seinare.

-mheim-