Eventyraren og ekstremsportutøvaren Stein P. Aasheim

gav ein fullsett gymsal i Hyen eit innblikk i ei verd fylt av ekstrem spenning, ville og  fantastiske naturopplevingar og fysiske og psykiske utfordringar som dei aller, aller fleste av oss berre kan drøyme om då Hyen jakt og fiskelag inviterte til villmarkskveld fredag 19.04.2002.

Som den naturlegaste ting av verda, fortalde han og synte lysbilete frå ei rad ekspedisjonar og bragder som femna om det meste frå fjellklatring i Himalaya til Noreg på tvers på hesteryggen.

Han og familien hans kryssa Gobi-ørkenen i Mongolia på ski, og lærde mongolane å ete fisk. I denne ørkenen er det 30-40 varmegrader om sommaren, og like mange minus om vinteren. Han har sykla åleine gjennom Sahara, og i 1985 var han med i den norske Mount Everest- ekspedisjonen leia av Arne Ness, og var mellom dei 14 som nådde toppen av verdas høgaste fjell. Ein tur dei brukte tre mnd. på å fullføre.

Han har klatra til toppen av den 6194m høge Mount McKinley i Alaska, og padla 40 mil i Sibir saman med Vegar Ulvang og Vladimir Smirnov. Han har gått to og ein halv gong over Grønland. I 1988, 100 år etter Fritjof Nansen, gjekk han  opp att Nansen si rute med same utstyr som vart brukt den gongen på 10 dagar kortare tid.

Han var med i firemanssekspedisjonen som la den sokalla Norskeruta i verdas høgaste fjellvegg, Trango i Pakistan. Ruta er rangert mellom dei 10 tøffaste klatrerutene lagde i det 20. århundre. To av mannskapet kom ikkje attende frå ekspedisjonen.

Han drog til Canada og fann restane av fangsthytta til 100 åringen, den vidgjetne pelsjegeren og forfattaren av boka "Pelsjegerliv", Helge Ingstad. Beveren hadde demt opp innsjøen Elgsjø som hytta låg ved slik at restane no låg under vatn.

Han innrømma at han er "skapcowboy" med  Clint "Clinter'n" Eastwood som idol, og har kryssa Noreg på tvers på hesteryggen for å kjøpe kaffi i Sverige. Han har og prøvd seg på basehopping og cliffing - klatre opp fjellveggen og hoppe ned att. Utruleg kva den karen har vunne på og kome levande frå.


Leiaren i Hyen jf, Torger Eimjellen overrekte eit vakkert "naturkrus" til føredragshaldaren.

Etter føredraget og lysbileta vanka det kaffi, massevis av kake og lynutlodning. Vi får tru det var til hjelp for å fordøye alle dei fantastiske og tildels skremmande inntrykka.

-mheim-