|

Columbusparken på Kyrkjegranden
|
Hyen Utviklingslag har, ved hjelp av BU-midlar, tilskot frå
kommunen og stor dugnadsinnsats frå bygdefolket, fått til eit triveleg
parkanlegg nedanfor vegen mellom E.E.Rønnekleiv sin butikk og sjøen. Der
har dei reist ein bauta med ei minneplate over den verdskjende oppdagaren
Kristoffer Columbus som kom frå Hyen. Han levde frå 1456 til 1506 og
skulle vere den som, etter ei kjend soge frå 1565, fekk eit egg til å stå
på enden (columbi egg).
Han var ikkje den første, men kanskje den mest kjende av
dei som "oppdaga" Amerika. Sume dreg på smilen når dei les
soga om at han ætta her frå, men dei kjem nok til å måtte tørke vekk fliren etter kvart som dette vert historisk bevist.
|

Klikk på biletet for eigen artikkel om parken.
|
Osmundnes-tunet
|

Kulturhistorisk
leksikon
|
Osmundneset ligg på austsida av Hyefjorden midtvegs mellom
Hyen og Hestenesøyra. Klemt mellom fjellet og fjorden ligg Osmundnestunet. Her
har det lege i meir enn 500 år. Det er eitt av få svært gamle tun på
Vestlandet som framleis har den gamle tunskipnaden. Dette gjer at tunet har stor
kulturhistorisk verdi. Det er vel verd å få med seg det gamle steinkjøkenet,
tenestehuset som truleg skriv seg frå 1500-talet eller dei opptil fem meter
tjukke murane som skulle verne husa mot fonnvinden frå dei store snørasa som
går fårleg nær tunet.
|
Kunstgalleri
|
I kulturbygda Hyen finn ein fleire kunstgalleri. I
Husgalleriet Casa Blanca heng det eit utval bilete av vestlandsk samtidskunst. I
Galleri Astrup er det utstilt originaltrykk av Nikolai Astrup d. y. Galleriet
ligg i ei gammal røykstove som var Nikolai Astrup d.y. sin heim. Utanfor stova
finn ein ni skulpturar av kjende kunstnarar laga av Stig Eikaas: Nikolai Astrup
d.y., Bernt Tunold, Harald Seim, Petter Eide, Oddvar Torsheim, Ludvik Eikaas,
Gunnar S. Gundersen, Knut Rumohr og Kjartan Slettemark.
|

Kulturhistorisk
leksikon
|
Kvernhusa på
Å
|

Klikk på biletet for eigen artikkel om emnet.
Kulturhistorisk
leksikon
|
Det er vanskeleg å seie kva tid dei fire
kvernhusa på Å vart bygde, men vi veit er at dei vart flytta frå Å-tverrelva
kring 1870. Under siste krig var kvernene i bruk som bygdemøller. Olav Aa
har sett dei i god stand med nye skovlar, slok og vassinntak. Det er høve
til å sjå dei i bruk m.a.i friluftshelga.
|
Utkiksvarden
på Å
I Vikja inst i Vågen står eit utkikstårn, ein solid
steinvarde bygt kring 1870. Like innafor og lenger opp på land står
Notanaustet med Notabåten. Naustet er truleg bygt føt 1850. Føremålet
med varden var at folk kunne sitje der og speide etter fisk som kom inn i
den tronge Vikja.
Dei visste kva dei gjorde dei som bygde denne varden. Dei visste at stimar
av brisling, sild, makrell, laks og aure brukte å kome sigande inn på Vågen,
og dei trong eit utkikstårn for å kunne sjå kva tid fiskestimane kom
inn i den tronge Vikja. Fisken brukte å bli gåande i ring nett utfor
land der varden vart bygt. Og dei gjorde han akkurat så høg at
refleksane frå vassoverflata ikkje hindra sikta ned i sjøen. Der kunne
fisken lett stengjast inne med ei not. |

Klikk på biletet for eigen artikkel om varden.
Kulturhistorisk
leksikon
|
Minnesteinen over Knut
Gjengedal
|

|
Læraren og forfattaren Knut Gengedal (1900-1973) levde mesteparten av livet
sitt i Hyen. Han skreiv mange kjende bøker. Vi nemner i fleng: "Bortanfor
Blåbreen", "Glomfolket", "Gutane i Glomgrenda",
"Mine fjell og mine dalar", "Stengslor", novellesamlinga
"Kronekongen". Mykje av motiva og inspirasjonen til diktinga er truleg
henta frå lokalmiljøet og den flotte naturen i Gjengedalsmarka. Minnesteinen
står ved grendahuset (tidlegare skulehuset) på Klype der Knut både hadde
heimen og arbeidsplassen sin.
Biletet er frå avdukinga av bautaen i 1991. Bak ser vi borna til Knut, Nils og
Kjellaug. Framme står Knut Andreas og Eli Kari, to av Kjellaug sine born.
Vi har fått lov til å legge ut ein artikkel om Knut
Gjengedal sin forfattarskap skriven av Ove Eide. Artikkelen stod i
"Ljøren", sogeskrift for Gloppen - årgang 3, og kan lesast ved å klikke her.
|
Stordalen, Byrkjeneset og
Kreklingeneset
Stordalen og Byrkjeneset ligg ved Storevatnet i Gjengedalsmarka.
På 1600- og 1700-talet var det fastbuande folk på desse rudningsplassane.
Kyrkjevegen var over fjellet til Gimmestadkyrkja. Til desse to øydegardane
knyter det seg mange segner. Knut Gjengedal fortel om ein del av dei i
barnebøkene sine. På kreklingeneset, som ligg ved Dalevatnet, har geologar
gjort sikre funn på at det har lege ein steinalderbustad der.
Støylane i
Hyen
|

M.a. dette biletet frå Ommedalsstøylen
ligg på Fylkesarkivet.
Foto: Torgny Ueland.
|
Det er mange støylar i bygda. Ommedalsstøylen, Åstøylen og
Gjengedalsstøylen er i full drift og kan opplevast med mjølkeproduksjon,
rømaske og kinning av smør. Desse tre støylane har no fått veg, og til dei
to sistnemnde er det mogeleg å køyre med bil mot å betale litt bompengar.
Både tradisjonell støylsdrift og eit aktivt beitbruk som også vert drive på
dei andre støylane i bygda er ei god form for landskapspleie i desse vakre
naturområda. Det er med på å gjere dette til svært attraktive stader å kome
til både for turgåarar og andre som er glade i naturen og velstelt
kulturlandskap. Støylane i Gloppen er grundig omtala på Fylkesarkivet
av Torgny Ueland.
|
Kyrkjebautaen
på Hope
Hyen hadde kyrkje i mellomalderen. Den stod på Bakken i Hope,
rett opp frå Kyrkjevika. Kyrkja er nemnd i historiske skrifter frå tidleg på
1300-talet. Ein reknar med at kyrkja forfall i tida etter svartedauden.
Bautasteinen vart reist I 1950. Han vart funnen ovafor Brekkefossen på sørsida
av elva. Dei drog han på skåter ved hjelp av stubbebrytar opp til
vegen, og frå vegen opp til staden der han står no. Gabriel Holme var, som
fagmann på stein, sjef for arbeidet. Det var litt av ein jobb, for steinen har
ei totallengd på knapt sju meter og veg omlag fem tonn.
|

Klikk på biletet for eigen artikkel om emnet.
Kulturhistorisk
leksikon
|
Kvelvingsbrua
i Hopsdalen
|

Klikk på biletet for eigen artikkel om brua.
Kulturhistorisk
leksikon
|
Kvelvigsbrua i Hopsdalen på riksveg 615 mellom Straume og Heimseta er
eit vakkert stykkje ingeniørkunst. Ho vart bygd i 1934 som bruløysing
over Hopselva nokre hundre meter nord for Hopsstøylen. Brua vart bygd i ei tid då ein stort sett
hadde teke til å nytte stål og betong til slike prosjekt, og gått bort
frå dei reine steinbruene som handtverksmessig nok var svært
tidkrevjande å byggje.
Her er nytta ei
kombinasjonsløysing der det berande elementet er to yttervangar laga av
nøye tilhoggen stein med mørtelfuger mellom, og betongblanding ilagt
prosentstein med paralelle sider vinkelrett på trykklinja mellom vangane.
Det heile er lagt på ein godt fundamentert murfot i kvar ende og
bogeforma treforskaling imellom. Når brua så var ferdig og betongen
herda, vart forskalinga fjerna, og det bogeforma berande elementet som då
kom i press mellom murføtene heldt brua oppe.
|
Svofossen kraftverk på
Hope
I april 1952 vart det sett i drift eit eige småkraftverk
for garden Hope i Hyen. Kraftverket utnytta det 33 m høge fallet i
Svofossen, og likestraumsmaskinane ytte 80 kW. Stasjonshuset vart oppført
i betong med ei grunnflate på 39 kvm. Materialane til delar av røyrgata
vart hoggen i eigen skog. Den øvre, slake delen av røyrgata vart bygd av
pløgde bord haldne saman av jarnband. Stupet ned til kraftstasjonen vart
bygt av stålrøyr laga av saman-nagla stålplater. På Svoa ovanfor
fossen vart det bygt ein låg demning som førde vatnet inn i røyrgata.
|

Klikk på biletet for eigen artikkel om kraftverket.
Kulturhistorisk
leksikon
|
Nesholmen
|

Klikk på biletet for eiga heimeside.
|
Nesholmen er staden for aktiv fritid. Med kano, robåt og surfebrett. Med
flotte badeplassar i sandviker og på svaberg. Fine fiskeplassar frå land og i
båt. Fotball- og volleyballbane, grill- og leikeplass, tilrettelagt for
rørslehemma.
Nesholmen er staden for naturopplevingar for store og små, få eller mange.
Den utruleg vakre naturen innbyr til turar i skog og fjell, på skogsvegar og i
kulturlandskap, korte og lange.
Nesholmen er staden for bryllaup, slektstemne, jubileum og fødselsdagar. Og
han ligg sentralt ved rv. 615 midt mellom Hyen og Storebru, mindre enn ein time
frå Førde, Florø og Sandane.
|
Sagefossen og Skogheim
kraftverk

Klikk på bileta for eigen artikkel om SFE sine kraftverk i Hyen.
-mheim- |