i Hyen 17. - 22. juli 2007

50 gjekk turen til Vidstøylseggja

Torsdagen i friluftshelgveka i Hyen er dagen for den lange fjellturen. Denne gongen gjekk turløypa frå Gjengedalsstøylen til Styggelivatnet og Vidstøylseggja, og 50 glade turgjengarar brukte seks timar på ein sers vellukka utfart i eit nydeleg turterreng.


Ein glad turgjeng samla på ei snøfonn like nord for Vidstøylseggja 1245 m.o.h. Her har ein m.a. utsikt nordaustover mot Traudalen, Nordstranda og Nordfjorden.

Friluftshelga i Hyen er i gong. Det starta alt tysdag kveld då omlag 60 var samla til "støylsgjestebod" på Ommedalsstøylen der traktementet var skikkeleg støylsrømaske, kaker og kaffi. Det vanka og kulturelle innslag som trekkspelmusikk og orientering om gammal og nyare stølsdrift. Onsdag kveld var det nasjonalt stemne på idrettsplassen, og torsdag altså den årvisse lange fjellturen.

Så kom sola
Turen starta frå parkeringsplassen ved Gjengedalsstøylen og gjekk til Styggelivatnet og vidare opp til Vidstøylseggja 1245 m.o.h. Som meteorologane spådde, var det overskya og tendensar til yr i lufta då omlag 50 turgjengarar la av garde i titida om morgonen. Men regnet vart det ingenting av, og skydekket sprakk opp utover dagen. Sola gjorde seg meir og meir gjeldande, og temperaturen steig frå ein litt hustrig nordatrekk til det meir og meir behagelege. Det var ein sers nøgd gjeng som kom attende til parkeringsplassen i firetida om ettermiddagen, og turleiar Jakob Rønnekleiv hausta lovord for eit flott opplegg. Vêrmeldingane for resten av veka er gode, og det lovar godt for det store publikumsinnrykket fredag ettermiddag, laurdag og søndag.

Vil du lese Friluftshelgavisa 2007, klikk på linken under:
Friluftshelgavisa 2007 >

Friluftshelga 2006 >     2005 >     2004 >     2003 >     2002 >    2001 >     2000 >