Trimfesten i Hyen laurdag
13. mars 2010
I år var det damene sin tur, denne gongen fire år
sidan sist. Dei kunne by på eigenprodusert song og musikk, magedans, sketsjar, kåseri
og og mykje meir for ein bortimot fullsett gymnastikksal med eit lydhøyrt og
takknemleg publikum. Etter programmet baud dei på bugnande koldtbord,
kaffi og kaker. Etterpå var det dans
til god musikk av "Rett og Slett". Vi gratulerer damene med ein vellukka og triveleg
bygdefest. Takk for ein koseleg kveld!

Feiande opningssong til tonen av "Vi vandrer med freidig mot"
|

Kirsti Meyer Hope var konferansier og ynskte
velkomen.
|

Kåsør denne gongen var Inger Johanne Hafstad
Gjengedal.
|

Olin Sande Holme, Heidi Mjellem, Oddrun Hjorteset Ommedal
og Anne Kristin Utheim Rønnekleiv harselerer over spinning.
|

Ingeborg Sande Holme og Magni Aa Berge med sketsj.
|

Heidi Mjellem og Olin Sande Holme spela fele.
|

Mona Holme, Magnhild Solheim Hallem, Anne Kristin Risøy
Eimhjellen og Anne Berit Selle hadde det moro med trim.
|

Anne Berit Selle karrikerte ein trimmar av umiskjenneleg kjønn.
T.h. Mona Holme gjorde stor suksess med nydeleg
magedans. |

|

Heidi Mjellem og Olin Sande Holme song "From a Distance" vakkert
akkopagnert av Marte Aa.
-mheim-
Frå trimfesten i fjor
>>> |