Trimfesten i Hyen laurdag
12. mars 2005

Ei talrik og sommarsleg song og musikkgruppe
framfører "Ein nordmann sin
draum" av Olav Stedje.
Eksotisk på dametrimfest
Det var tidvis
eksotisk på dametrimfesten i Hyen laurdag 12. mars. Programmet femna eit
stort spekter frå eksotisk magedans og song til felespelande mammaer.
F.T.: Magnar
Heimset
Det er tradisjon
med trimfest i Hyen ein gong på ettervinteren. Dametrimmen og
Gubbetrimmen i Hyen Idrettslag vekslar på å arrangere desse populære
bygdefestane. Denne gongen var det damene sin tur, og dei skuffa ikkje
denne gongen heller. Programmet vakte stor begeistring i ein langt på veg
fullsett gymnastikksal sist laurdag.
Program

Oddrun Ommedal og Magni Aa Berge presenterte ein original vri på
programleiarrolla der Sydentur var tema.
Trimdamene i Hyen
kan tydelegvis meir enn gymnastiske krumspring. Dei hadde laga ein feiande
flott velkomstsong på melodien til "Nøtteliten". To av damene
; eit tablå ved sidan
av scena der dei i dramatisert form og sydde saman dei ulike
programinnslaga.
|

|
Kåseri
Det
tradisjonelle kåseriet var det Åse Moen Hope som stod for. Ho
meistra sjølvironiens edle kunst, og skildra eigen trimaktivitet i
høve til trimklede for ulike årstider, og til kosthald og baking
av Fedon-brød.
– Dei er
ikkje etbare i det heile. Eg gav dei til turvenninna mi, ho Anna
Holme, og de ser kor ho ser ut, sa ho.
Kåsør Åse Moen Hope meistra "sjølvironiens
edle kunst" på dametrimfesten i Hyen. |
Magedans

Magedans på scena i Gymsalen i Hyen er ikkje
kvardagskost. Greta Anita Agledal og Mona Holme
imponerte med ei herleg
frigjort oppvisning som røpa solid trening i den eksotiske kunsten.
Etter eit
songinnslag av ei talrik gruppe som framførte "Ein nordmann sin
draum" av Olav Stedje, fekk programleiarane veldig lyst å dra til
Syden til sol og sommar. Men dei var usikre på om dei torde ta mennene
sine med. Det er no så mange slags freistingar ein kan kome ut for der.
. .
Eit glimrande
programinnslag med temmeleg avansert magedans av to søte Solheim-damer
avgjorde saka.
– Nei, karane
får vere att heime, vart det konkludert med.
Felemammaer

I Hyen Spelemannslag er det mange unge aspirantar som
etter kvart gjer det bra. Her er "Felemammene"
i ei ellevill og
ambisiøs visning av kvar talenta kjem frå. Frå v.: Anne Marie Mjellem,
Ingeborg Sande Holme,
Greta Anita Agledal, Mona Holme, Magnhild Solheim
Hallem og Bodil Solheim Klungre.
Hyen Spelemannslag
har fått ein stor tilvekst av unge felespelarar, både gutar og jenter.
Mammaene til desse stilte opp og viste kvar deira musikalske gen kom frå.
Resultatet verka ikkje direkte overtydande på forsamlinga, men
underhaldningsverdien var stor. I det heile var det mykje musikk, song og
dans på scena, og programmet vart avslutta med eit danseinnslag til
låten "Pretty Woman" med nokre av den harde kjernen i
Dametrimmen som aktørar.

Fire av "den harde
kjernen" i Dametrimmen i Hyen leverte eit stilig dansenummer på
dametrimfesten i Hyen laurdag 12. mars. Frå v.: Judit Aa, Kirsti Meyer Hope,
Tone Rønnekleiv og Iren Utheim.
Mat
Og mat må det vere
på slike festar. Damene dekka eit imponerande koldtbord med eit variert
utval av herlege rettar. Kaffi og heimebaka kaker vanta heller ikkje før
det vart invitert til dans i Samfunnshuset til musikk av "Nesten rett
og slett".
Entusiasme
Vi slo av ein prat
med trimleiar Kirsti Meyer Hope etter festen for å få ein glytt bak
kulissene i arrangementet.
– Vi tykte festen gjekk veldig bra. Største moroa har vi under førebuinga
og innøving av programinnslag. Det er i høgaste grad eit fellesprosjekt,
hevdar primus motor, Kirsti Meyer Hope.
– Trimdamene er veldig positive og entusiastiske i førebuingane til
festen. Det manglar ikkje på idear og innsatsvilje, så denne gongen
tykte vi det gjekk greitt å få til fest, fortel ho.
– Maten var fantastisk god. Vi heldt oss til fisk, men resten var
sikkert like bra. Kven er det som står for matstellet?
– Det er og eit fellesprosjekt. Ho Smed-Anna (Anna Holme, red.mrk.)
organiserer arbeidet, men matlaginga vert gjort rundt om hos fleire.
Det gjeld kakebakinga og, opplyser Hope.
– Vi vart spesielt begeistra for dei to magedansarane. Dei var ikkje
skvetne av seg, eller kva?
– Dei var veldig tøffe og eksotiske. Dei har gått på kurs i Førde,
og dei er skikkeleg flinke. Dei gav opptakten til den raude tråden i
programmet, nemleg reiselyst og lengt etter sol og sørlegare
breiddegrader, seier Hope.
Frå trimfesten i
fjor >>>
|