Trimfesten i Hyen laurdag
06. mars 2004

Tor Larsen hadde lagt mykje arbeid i å skrive tekst og kor-arrangement
til ein skikkeleg fengande opningssong
framført av Koret. Melodi: Björn Afzelius sin velkjende "Som en
duva".
Hyen Idrettslag har drive og driv som kjent godt på den idrettslege
arena, men laget har og tradisjon for å vere ein kulturberar også etter det
gamle, ikkje utvida kulturbegrepet. Sist på 70-talet og først på 80-talet var
sistnemnde aktivitet temmeleg laber, og avgrensa seg i beste fall til reine
dansefestar. Så fann dametrimmen med Kirsti Meyer Hope i spissen på å lage
til ein skikkeleg bygdafest med program og mat og med litt svingom til slutt.
Hyarane gjekk mann av huse for å få med seg denne nysoppstandne
idrettslagsaktiviteten, og festen vart ein braksuksess. Dametrimmen utfordra då
Gubbetrimmen om å lage til fest neste år, ei utfordring dei tok på strak
arm.
Sidan har denne trimfesten vorte ein årleg tradisjon, og har etterkvart innarbeidd seg
som eitt av høgdepunkta i kulturlivet i bygda. Kåseri har vore fast innslag i
programmet på desse festane, og opp gjennom åra har mange, tildels urøynde og
uoppdaga talent fått høve til å prøve seg. Mykje av programinnslaga elles og
har vore skrivne og dramatiserte lokalt. Ein tek utgangspunkt i lokale hendingar
og karakterfigurar, ofte med stort hell og treffande poeng. Det er nok damene
som legg mest arbeid og flid i programførebuinga, og har skapt mang ein
godmodig satire med gubbane som rollefigurar.
I år var det gubbane sin tur,
og jammen kom dei velberga i mål denne gongen og, sjølv om delar av
førebuinga vart reine sprintprosjektet med ein noko hektisk innspurt. Dei kunne by på song og musikk, sketsjar,
kåseri og dansenummer for ein fullsett gymsal med eit lydhøyrt og positivt
publikum. Matias Hope, Ola Holme og Eldar Rønnekleiv hadde dessutan laga massevis av
kjempegod kompar som vart servert med diverse tilbehør. Etterpå var det dans
til god musikk av "Rett & Slett" frå Førde. Vi gratulerer
idrettslaget med nok ein vellukka og triveleg bygdafest, og gledar oss alt til
damene skal i elden neste år!

"Sykling er noko forbaska tull, og dessutan øydelegg det
potensen. Nei, sjå å få opp litt tonnasje", seier Ole Arild Aa.
Even Rønnekleiv, Ole Arild Aa og Jon Bjarne Hope er, vi hadde ner sagt som vanleg, berande
element i programmet.
"Dei siste harde menn" til langvarig og dampande
oppmjuking
i badstua i siste akt før vaskekona kjem og jagar "tøffingane" ut.


"Sugar, Sugar". Søtt, ikkje sant? Matias Hope, Anders
Aa, Erik Hope og Eldar Rønnekleiv i fri "drag"-dressur på scena.

Pausemusikk må vi ha. Her Gitarboogie med Olav Solheim, Ola Tormod
Ommedal og Ola Solheim.

Velfortente idretts- og skiutmerkingar vart tildelt Tor, Kirsti,
Bjørg, Margret, Sølvi, Anton, Oddvin og Torvald.

Etter drabeleg med kompar, is og kaffi, var det dans til langt
på natt etter allsidig og god musikk av "Rett & Slett" frå
Førde.
Dei som av ulike grunnar ikkje fekk med seg Magnar Heimset
sitt kåseri,
kan lese det i wordversjon her.
-mheim-
Frå trimfesten i 2003 >>> |