Trimfesten i Hyen laurdag
08. mars 2003
I år var det dametrimmen sin tur som svar på gubbane sin
utfordrande innsats i fjor.

Dei spreke trimdamene inviterte nok ein gong bygda på fest. Og ramma rundt var
den beste: Salen var fullsett, stemninga høg, og dagen den rette, 8. mars.
Åpninga på programmet var feiande. "Broen over Kwai"- tonane førde
trimdamene taktfast inn på scena, og følgde dei gjennom eit stilfullt
drillprogram.
Etter velkomstord frå Kirsti,
med karane og kvinnedagen som tema, gjekk programmet frå innslag til innslag der lokale personar og
saker vart "behørig" kommenterte.
To festkledde og feststemte damer (Oddrun og Ann Kristin), påtrefte rett etter utskeielsar på Vågen,
delte sine "festlege" tanker med salen gjennom samtale og song.

Så fekk Aslaug ordet. Med utgangspunkt i kvinnedagen tok ho nokre
muntre, men også tankevekkande tilbakeblikk i litteraturen og i lokalsamfunnet
Hyen.

Det musikkinnslaget som vel slo best an, var det om den ugifte,
kvinnelege dyrlegen. Ho kom til bygda og vart møtt av det ein kunne vente,
karar som såg seg ei oppgåve i å ordne opp. Melodien var nydeleg, framføringa
av song og tekst veldig god og med sikkert musikkfølgje av to drevne gitaristar.
Innhaldet i teksten var Hye-aktuelt, og at dyrlegen sjølv (Anne Berit) var på scena og
song, sette salen tydeleg pris på.
Opplysninga 1890 er velkjent i bygda. Det er også dama på
telefonsentralen (Magni), som uoppfordra bidrar med sin lokalkunnskap. Ungkar og
gardbrukar med flott "balleutstyr", vart anbefalt ei dame som ringde
frå Oslo. Reaksjonane frå salen var umiddelbare.

Tankar om nytt og gamalt rundt i bygda er eit populært innslag. No følgde først
eitt med to eldre damer (Anne Marie og Judit) som hadde sine tankar.

Så eitt innslag til. Damene (Lilliann og Oddrun) overraska
oss i salen då dei fann seg smertestillande, ikkje frå øskje,
men på lommelerke. Og som dei kosa seg!
Nytt på Hyenytt var ein vidareføring av det populære Nytt på nytt frå NRK1 på fredagskveldane med mange muntre innslag i velkjent regi.

Raudstrømpe utan BH (Anne Turid). Ein kunne ikkje anna vente enn at ho måtte
dukke opp på scena 8. mars for å finne seg sjølv. Slepp jentene til! Vi er
mange... vi er sterke....

I can help. På scena kjem 5 svartkledde "herrar" med flosshatt og Cabaret-inspirert dans og musikk.
Takk for oss! Avslutningssong for kvelden, der alle artistane i gamal
tradisjon var samla på scena og inviterte festlyden til koldtbord, kaffi og
kaker, og sidan til svingom i Samfunnshuset, der festen varde ut i dei små
timar.

Men når ei trimmegruppe arrangerer fest, høyrer det etter kvart med at dei
sprekaste får overrekt pokalar og hedersteikn for sportsleg innsats: I år fekk
Sigrid Ommedal (lengst til venstre) den aller høgaste utmerkinga ein kan få; idrettsplaketten. Og
fleire andre er godt i gang mot denne. At berre ein kar mottok noko i år, vart
og lagt merke til.
Vi i bygda vil nok ein gong få takke dametrimmarane for ein ny, flott fest
som alltid trekkjer folk av huse. No er stafettpinnen overlaten til
gubbetrimmarane igjen, og utfordringa er vel klar. Vel møtt til ny trimfest
neste år.
Tekst og bilete: Tor Larsen
Fotoreportasje frå Trimfesten 2002 >>>
|