|
Trimfesten i Hyen laurdag
13. april 2002

Ein fullsett gymsal. Pausemusikken sytte kapellmester Ola Tormod, Bjørn og endå
ein Ola for.

Den årlege Trimfesten i Hyen har etterkvart innarbeidd seg
som eitt av høgdepunkta i kulturlivet i bygda. Dametrimmen og Gubbetrimmen
vekslar på å stelle i stand desse festane, og dette avlar nok eit aldri så
lite konkurranse- moment som er med på å sikre kvaliteten. Og den var det
absolutt ingenting å seie på i år heller.
Til venstre: Jakob i "Verneverdige Hyen"...

Koret framførte heimelaga opningssong, Menuett i mai, Sommarkveld ved fjorden og God
natt, jenter.

Denne gongen var det gubbane sin tur, og dei tok tydelegvis
oppgåva på alvor. Programmet femna om det meste frå sjølvlaga opningssong
framført av Koret, via meir eller mindre heimelaga og lokalinspirerte sketsjar/tablå
og dansenummer, til kåseri om "Gubbetrimmingens sider, opphav og
bivirkninger".
Etter programmet diska karane opp med "gubbelaga"
gryterettar, kaffi og is. Ansvarlege kokkar: Matias, Ola og Eldar.

Programleiar Arnfinn, den mest verneverdige? Even. Tast 1 for
omgangssykje, 2 for kvalme, 3 for..?
"Om
eg var ein rik mann" levande og kraftfullt framført av trioen Ola, Kurt og
Gudmund (til h.)

Kåsøren Ola lærde "gloser" på Gubbetrimmen...

Morten (på kne) og Ole Arild på kurs om likestilling og herseteknikk... Alle
foto: Tor Larsen
Og etterpå var det sjølvsagt dans i Samfunnshuset utover i
dei små timar. Musikk: TINTY
-mheim- |