Hærverk
og tjuveriraid
gjennom Hyen natt til søndag 31.10.
Natt til søndag 31. oktober vart det utført
omfattande innbrot og tjuveri i Hyen. På den provisoriske
parkeringsplassen i sandtaket på Osen i Austredalen vart det gjort
innbrot i fire bilar og ein gravemaskin. CD-spelarar med diverse utstyr
pluss nokre par dyre solbriller vart fjerna frå bilane. Dessutan vart
det gjort innbrot i Mesta sine anleggsbrakker under Brekkefossen og på
anlegget Storebru - Knapstad i Eikefjord.

Politiførstebetjent Torbjørn Sælen frå Gloppen
lensmannskontor granskar ein av dei ramponerte bilane.
Politietterforsking
Politiførstebetjent Torbjørn Sælen frå Gloppen lensmannskontor var
på staden måndag morgon for å skaffe seg oversikt over skadane og
etterforske saka. Han fortel at det gjennomgåande er eldre bilmodellar
som har vore interessante for tjuvane denne gongen. Nyare køyrety har
fått stå i fred. Eit par av bilane stod ulåste, og desse var uskadde
bortsett frå CD-spelarane som var fjerna. Ein del CD-ar, ein forsterkar
og nokre dyre solbriller var og stolne. Verst gjekk det ut over ein
1983-modell Volvo 240, som i tillegg til ei knust siderute fekk ramponert koffertloket.
Tjuvane hadde tydelegvis funne ut at det måtte vere ein forsterkar til
stereoanlegget plassert i bagasjerommet. Også ein Passat, ein Audi og ein
gammal BMV fekk vitjing av tjuvane.
Ber om tips få publikum
Sælen seier det er svært viktig at hyarane tenkjer seg godt om og
seier frå om ting dei har observert i området natt til søndag, og som
kan gje politiet viktige spor å gå etter. Vidare er det om å gjere å
få så detaljerte opplysningar som råd er om dei gjenstandane som er
stolne, slik at eventuelle funn av tjuvgods kan sporast tilbake til dei
respektive hendingane. Det er ofte den vegen slike tjuveri kan oppklarast.

Knust glas og lause leidningar innvendig i volvoen talar sitt
tydelege språk om kva som har gått føre seg.
Uheldige jenter
Rasmus Gjengedal var ein av dei uheldige bileigarane. Han fortel at
hans 1986-modell Audi 80 stod parkert rett bak den før nemnde volvoen.
Også han fekk slegen inn ei siderute, og den flunkande nye CD-spelaren
var naturlegvis stolen saman med 10 - 12 CD-plater. Døtrene hans, som
disponerer bilen, var heime frå Førde i helga. Lommebøkene deira låg i
handskerommet, og dei var sjølvsagt vekke med både bankkort og
førarkort. Nokre hundrelappar gjekk og med. To fotoapparat, det eine eit
nesten nytt digitalkamera, hadde tjuvane og raska med seg. Han reknar med
dei har mist verdiar for omlag 10.000 kroner. Ei ufjelg oppleving for
familien Gjengedal. - Slikt skulle ikkje gå an, seier han, - ein føler
seg heilt hjelpelaus.
Og vi forstår han godt. Dette kunne austredølingane vore
sparde for. Dei har så men nok å stri med denne hausten med stengd veg
og alt styret med båt og ferjetrafikk på Ommedalsvatnet. Sjølv om
sambandet fungerer utruleg godt og effektivt, får vi berre vone at
mildveret held seg til tunellen gjennom Lakshammaren står ferdig ved
juletider ein gong.

Denne gravemaskinen hadde rampen kome seg inn i og fått starta
opp, men her er det ikkje stole eller øydelagt noko.

Tjuvane har knust vindauget i ei brakkedør i Mesta sin
anleggsleir i Hopsdalen. Her vart det stole sambandsutstyr.
Innbrot i brakkeleirar
I Mesta sine brakkeleirar under Hopsbrekka og på anlegget
Storebru - Knapstad har tjuvane brote seg inn og stole sambandsutstyr for
25.000 kroner. Oppsynsmann Steinar Eide seier til avisa at dei, kloke av
skade, brukar å ta sambandsradioane med seg heim etter arbeidstid, men i
Hyen låg det fire slike radioar i ei brakke. - Ved Storebru - Knapstad har
tjuvane berre funne ladarar og batteri, men det er forbanna irriterande
likevel.
-mheim-
|