Vakker
17.mai-feiring
i strålande sol i Hyen 2007

Folketoget på veg til Lunden der festprogrammet vart
halde midt på dagen i det nydelege vårveret.
Nydeleg vér
Det vart ein nydeleg 17. mai i Hyen i år. Ein var budde på å
ha festprogrammet innandørs denne gongen sidan det var meldt nattefrost
natta før. Det var litt kaldt og sur vind om morgonen,
men det kom seg utover dagen, og det vart bestemt å ha
programmet oppe i Lunden der ein aller helst vil vere når véret er bra.
Og folk kosa seg under grønt lauv og strålande sol i den idylliske og
tradisjonsrike festplassen.

Etter høgtidsgudstenesta i kyrkja, var det som vanleg
festpolonese framfor Gymbygget med mange vakre bunadar. Midt på bildet
går leiaren i festkomiteen, Bergfrid Rønnekleiv, i hardangerbunad.
|

Lærar, skodespelar og forfattar ,sørstreningen Arne Rygg, heldt ei god og litt
utradisjonell festtale for dagen.
|

Kona hans, skodespelar Maja Rønneberg Rygg, opna
programmet i Lunden med å lese dikt.
|
|
Program
Programmet for dagen var tradisjonelt med tog til kyrkja
tidleg på føremiddagen og polonese framfor Gymbygget før folk samlast i Gymsalen til
kjøtkaker, ertestuing, poteter og brun
saus. Og sjølvsagt det kulinariske høgdepunktet for mange denne dagen; god
gammaldags heimekokt dravle. I Samfunnshuset kunne ein kjøpe kaffi og kaker
til dessert, og sjølvsagt is og brus til ungane.
Etterpå var det folketog til Lunden der eit variert festprogram
vart servert. Programmet starta med diktlesing. Spelemannslaget var naturlegvis med
denne gongen og, det er fast tradisjon i Lunden.
Etter festtalen var det skulekorpset sin tur før grønrussen fekk
sleppe til med diktlesing og song.
|

Den bunadskledde og strame guten er Odd Arne Røyrvik. Han kosar seg med is i finevéret.
|

Hyen Spelemannslag spela både til polonesen framfor Gymbygget og
under festprogrammet i
Lunden.

Grønrussen underheldt med fin diktlesing og song, sjølv om dei
sikkert var trøytte etter vakenatta. Komiteleiaren nytta høvet til å gje dei
skjenn for å ha gjort "bøvelskap"og påført festkomiteen mykje ekstraarbeid med å rydde opp.
- mheim -
17.mai 2006
17.mai 2005 17.mai 2004 17.mai
2003 17.mai 2002
|