Fin 17.mai-feiring med bra vér i Hyen 2006


Folketoget på veg til høgtidsgudsteneste i kyrkja på føremiddagen.

Bra vér
Det vart betre vér enn meldingane sa for 17. mai i Hyen i år. Det var tanken å ha festprogrammet innandørs denne gongen og, i så fall for tredje året på rad. Det var litt kaldt og surt om morgonen, men det skein opp utover føremiddagen, og det vart bestemt å ha programmet oppe i Lunden der ein helst vil vere når véret tillet det.


Etter høgtidsgudstenesta i kyrkja, var det som vanleg festpolonese framfor gymbygget med mange vakre bunadar.

Program
Programmet for dagen var tradisjonelt med tog til kyrkja tidleg på føremiddagen og polonese framfor Gymbygget før folk samlast i Gymsalen til karbonadar med løk, ertestuing, poteter og brun saus. Og sjølvsagt det kulinariske høgdepunktet for mange denne dagen; god gammaldags heimekokt dravle. I Samfunnshuset kunne ein kjøpe kaffi og kaker til dessert, og sjølvsagt is og brus til ungane.

Etterpå var det folketog til Lunden der eit variert festprogram vart avvikla. Programmet starta med allsong akkompagnert av korpset. Deretter las Martin Ø. Ommedal eige dikt. Spelemannslaget var naturlegvis med denne gongen og, det er fast tradisjon i Lunden.

Etter festtalen var det korpset sin tur før grønrussen fekk sleppe til med diktlesing, solospel og song.


Martin Ø. Ommedal las eige dikt på programmet i Lunden.



Stortingsrepresentant Erling Sande heldt festtalen.

Festtalen
For tredje året på rad hadde feskomiteen fått ein stortingsrepresentant frå Nordfjord som festtalar. For to år sidan var det politikarveteran og ex-stortingsmann Leif Blakset frå Stryn som heldt tale. I fjor hadde vi bygda sin eigen son, KrFu-leiar og stortingsrepresentant Per Steinar Osmundnes ved talarstolen.

Denne gongen var det den unge og lovande Sp-politikaren frå Davik, Erling Sande, som gledde oss med velvalde ord. Han tok utgangspunkt i aktuelle problemstillingar, og hadde mange gode poeng. M.a. framheva han ytringsfridomen som ein svært viktig menneskerett, men ein treng ikkje fornærme andre land og folkegrupper likevel. Han kom og inn på ulikskapane i verda, som også er uakseptabelt store i vårt eige land.


Fine bunadsjenter i Hyen, Malene Holme (t.v.) og Solveig Vonheim Heimsæter.


Dei bunadskledde og strame gutane er Marius (t.v.) og Tore Eimhjellen. Dei kosar seg med is i finevéret.


Hyen skulekorps spela både i folketoget og i festprogrammet i Lunden. Dirigent er distriktsmusikar Otto Ose frå Sandane (i mørk dress). Her spelar han trompet med korpset.


Grønrussen underheldt med diktlesing, fint solospel på blokkfløyte og song, sjølv om dei var trøytte etter vakenatta.

- mheim -

17.mai 2005     17.mai 2004     17.mai 2003     17.mai 2002