Mykje
folk trass vind
og regnbyer på 17. mai i Hyen 2005

Folketoget før festprogrammet i Gymsalen gjekk medan
"han var oppljøse eit bel" mellom regnbyenebyene.
| Dårleg ver i år og
Det vart ein blåstrig 17. mai i Hyen i år og. Regnbyene og den sure
vinden jaga aktivitetane stort sett innandørs. Uteaktivitetane avgrensa
seg til folketog til kyrkje på føremiddagen og før
festprogrammet i Gymsalen etter middag. Ein del leikar og sportslege aktivitetar på
idrettsplassen vart det og høve til mellom byene. Men
hyarane slutta som vanleg mannjamnt opp om feiringa av nasjonaldagen, og det såg ut som dei retteleg kosa seg
i Gymsalen og Samfunnshuset. Etter pinshelga med 17. mai som den tredje
helgedagen på rad, var det mange
utflytta hyarar som hadde teke turen heim, og folk fekk skikkeleg høve til å
treffast og snakke med gamle kjende.
|

Ola Tormod Ommedal var komitêleiar og konferansiêr i Gymsalen.
|
|

Hyen Skulekorps står naturlegvis sentralt i 17.maifeiringa
i bygda. Fredrik her i djup konsentrasjon med kornetten.
|
Program
Programmet for dagen var tradisjonelt med tog til kyrkja
tidleg på føremiddagen, polonese framfor Gymbygget før folk samlast i Gymsalen til karbonadar med løk, ertestuing, poteter og brun
saus. Og sjølvsagt det kulinariske høgdepunktet for mange denne dagen; god
gammaldags heimekokt dravle. I Samfunnshuset kunne ein kjøpe kaffi og kaker
til dessert, og sjølvsagt is og brus til ungane.
|
| Festprogram
Festprogrammet starta med korpsmusikk. Kulturskulerektor Ann Karin
Wendelborg Ose hadde prisverdig teke turen til Hyen for å dirigere Hyen
skulekorps denne dagen. Jentene i 10.klasse framførte diktlesing og song
frå scena. Hyen sin eigen stortingsrepresentant, Per Steinar Osmundnes heldt ein
frisk og høveleg lang festtale. Men dei som hadde håpa at den
talentfulle unge, framstormande KrF-politikaren skulle makte å lyfte
17.maitalen ut av dei 112 eidsvollsmennene frå 1814 sine noko utslitne
fang og fram til meir dagsaktuelle problemstillingar, vart sørgjeleg
skuffa. Han unngjekk med elegant omhu å snakke om regjeringspolitikk og
dagens samfunnsutvikling.
|

Bygda sin eigen stortingsmann, Per Steinar Osmundnes, heldt
ein frisk og engasjert tale
for dagen.
|

Jentene i 10.klasse las dikt og song frå scena med tema freden
i 1945. Frå v.: Ragnhild, Marlin, Reidun og Ida.
- mheim -
Syttandemai-feiringa
i fjor.
|