Vind
og sprutregn, men stor stemning på 17. mai i Hyen 2004

Ein oransje russebil lyste opp på ein regntung og grå
nasjonaldag. Lovleg var han og med Olav Klungre som sjåfør.
| Dårleg ver
Det vart ein regntung og blåstrig 17. mai i Hyen i år.
Regnet hølja ned som det berre kan i Hyen når sørvestkulingen står på som
verst. Uteaktivitetar på tradisjonelt vis var, om ikkje uråd så i alle fall
svært lite freistande, så denne gongen vart det stort sett innefeiring. Men
hyarane surmula ikkje for det, tvert i mot såg det ut som dei retteleg kosa seg
i Gymsalen og Samfunnshuset. I ei veke med to ekstra helgedagar, var det mange
utflytta hyarar som hadde teke turen heim, og folk fekk skikkeleg høve til å
treffast og snakke med gamle kjende.
|

Når ein ikkje kan leike ute . . .
|
|

Matias Hope var komiteleiar og konferansier i Gymsalen.
|
Program
Programmet for dagen var tradisjonelt med tog til kyrkja
tidleg på føremiddagen. Polonesen før middag vart sløyfa denne gongen, og
folk samlast i Gymsalen til karbonadar med løk, ertestuing, poteter og brun
saus. I Samfunnshuset kunne ein kjøpe kaffi, te og kaker
til dessert, og sjølvsagt is og brus til ungane.
|
| Festprogram
Festprogrammet starta med korpsmusikk og song. Pensjonert stortingsmann, lærar og rektor,
Leif Blakset
heldt ein god og høveleg lang festtale. Han fortalde m.a. om sterke
inntrykk og opplevingar han, som 11 - 16 års gut, hadde hatt under krigen. Han og familien budde i Klokkargarden på
Eid på den tid. - Det er viktig at vi få
attlevande formidlar opplevingane våre frå krigsåra til dei som veks opp i dag, sa
han.
|

Leif Blakset frå Blakset i Stryn heldt tale
for dagen.
|

Den for mange etterlengta dravlen var på plass i år som alltid, og
gjekk unna i store mengder.

Oransjerussen las dikt, m.a. "En lesende arbeiders
spørsmål" av Bertolt Brecht. Etterpå fekk dei forsterkningar av
konfirmantane og song "Ode of Joy". Dei avslutta med "Voggesong
til Siri" av Jakob Sande. Tor akkopagnerte.
Spelemannslaget bidrog også denne gongen med mykje fin
musikk, og fekk æra av å avslutte festprogrammet.
- mheim -
Syttandemai-feiringa
i fjor. |