Strålande sol og stor stemning på 17. mai i Hyen 2003

Etter ein regntung og kald første halvdel av mai, gjekk feiringa i strålande ver og etter tradisjonelt mønster med samling ved Gymbygget, tog til kyrkje, festpolonese, middag i Gymsalen, folkefest med festtale i Lunden og leikar,  fotballkamp og diverse aktivitet på idrettsplassen. Og som vanleg massevis av is til ungane.


Bunad og is er ein vanskeleg kombinasjon for borna, og det spørs kor det går med bunadsskjortene.



Hyen Skulekorps gjer seg verkeleg i spissen for folketoget til festprogrammet i Lunden.

Leiar i komiteen Liv Øygard flankert av forsangar Olav Klungre leia det gode og varierte programmet i Lunden. Sverre Folkestad (til høgre) heldt ein drivande god festtale herleg fri for svulmande nasjonalromantikk og royalisme. Men ved å fortelje om opplevingar frå stadar og  land der han har budd før han hamna på Sandane, avspegla han ein glødande kjærleik til eige land, kultur og folk sett i ein større samanheng.     Les heile talen her, eller på utskriftsvenleg versjon  i wordformat.


Tiandeklassen (grønrussen) ved Hyen kombinerte barne- og ungdomsskule las dikt.


Lunden er framleis ein herleg stemneplass trass skuleutbygging og nytt byggefelt som tek utsikt.

- mheim -

Syttandemai-feiringa i fjor.