Fisketur ein laurdagskveld i Hyen

Når veret er fint, kvelden er komen og sommeren er ung, då er tida der for ein fisketur på Storefjorden. Utrusta med lett slukstangutstyr, båt med påhengsmotor, litt medbrakt å bite i og i godt selskap  med båtrederen drar vi raskt mot "beste" fiskeplassen. 

 

Fisketuren blir det som vi kunne ønskje, fisken var stadig interessert i det vi kunne by han. Men den store fisken vi alltid drøymer om å få når vi drar ut, DEN hadde andre planer for kvelden:

 

Odd Arild og Martin viser stolt fram den store fisken; auren vog 3,4 kg. Det har vore teken aurer på stang som har hatt større vekt, men ikkje mange.

Gratulerer med fangsten, begge to!

Vi som var i den andre båten, fekk fine steikjefiskar og var godt nøgde med det. Men synet av storfisken ga ny inspirasjon og fisket varde denne gongen ut i dei små timane.

Tor