|
Utkiksvarden i Vikja på Å i
Hyen

I Vikja inst i Vågen står eit utkikstårn, ein solid steinvarde bygt kring
1870. Like innafor og lenger opp på land står Notanaustet med Notabåten.
Naustet er truleg bygt føt 1850. Føremålet med varden var at folk kunne
sitje der og speide etter fisk som kom inn i den tronge Vikja.

På landsida er det bygt tropp til toppen av varden. Vikja vart delvis utfylt
ved utvidinga av vegen.
Korleis varden vart brukt
Dei visste kva dei gjorde dei som bygde denne varden. Dei visste at stimar av
brisling, sild, makrell, laks og aure brukte å kome sigande inn på Vågen, og
dei trong eit utkikstårn for å kunne sjå kva tid fiskestimane kom inn i den
tronge Vikja. Fisken brukte å bli gåande i ring nett utfor land der varden
vart bygt. Og dei gjorde han akkurat så høg at refleksane frå vassoverflata
ikkje hindra sikta ned i sjøen. Der kunne fisken lett stengjast inne med ei
not.
Dei hadde god greie på kva sol, måne, flo og fjære hadde å seie for kva
tid fisken søkte inn, så dei slapp å halde vakt heile tida. Når "vakthavande"
såg fisken kome, var det til å huie og rope på folk. Og åarane kom
springande, tok båten og nota som låg klar, og stengde av tvers over Vikja.
Frå begge landsidene drog dei så nota og forhåpentleg fisken innover i den
avsmalnande bukta til dei kunne håve fangsten opp i båten. Det vert fortalt at
båten ofte vart søkklasta.

Biletet er frå sommaren 1934. Ungjenta på toppen er Karen Øvreide (då
Ommedal), Oslo.
Kva slag fisk var dei ute etter
Sist på 1800- talet og først på 1900 var det nok helst brisling, sild og
makrell dei var ute etter. Laks og aure var ikkje "løstemat" på den
tid, og var vanskeleg å selje. Dessutan fekk åarane nok slik fisk i elva og
vatna. Det vert fortalt at tenestefolka hadde kontrakt på at dei ikkje skulle
ha laksemiddag meir enn eit visst tal gonger i veka.
Frå 30-åra og utover vart det større etterspurnad etter laks og aure, og
det vart fiska mykje slik fisk og. Etter kvart som leigeinntektene av elva fekk
meir og meir å seie, og mengda av edelfisk gjekk attende, vart det slutt på
dette fisket. Det har ikkje vore fiska på denne måten etter 1965-70.
Etter den siste utvidinga av riksvegen forbi Vikja, med mykje utfylling inst
i bukta, ser det ut til at fisken har endra åtferd. Det har nok og vorte mykje
mindre fisk i fjorden. Det er i alle fall ikkje vanleg å sjå store fiskestimar
inst på Vågen lenger.
Tekst og bilete: Magnar Heimset, 2002.
Prenta kjelde: Per Sandal: Soga om Gloppen og Breim. Bind III. Sandane 1988.
Uprenta kjelde: Informasjon frå Olav Aa, Gloppen.
|