|
Spelemannsfesten i Hyen 2004
Framhald 
"Labakkalaget"
frå Luster med fleire frå gruppa "Elles" var tredje ensemblet på
scena. Dei spela feiande dansemusikk som femna om det meste frå
"Reinlender etter Sjur Hesjevoll" til den svenske valsen "Hälgdagskvälld
i timberkoian. Dt var verkeleg så det rykte i dansefoten. . .
|

Parhestane Roger Allan Ivin og Odd-Erik Lothe i
|

sprudlande song- og speleglede på scena i Hyen.
|
Så var det duka for kveldens store høgdepunkt for mange.
Parhestane og trubadurane Roger Allan Ivin og Odd-Erik Lothe frå den velkjende
gruppa "Fabel" entra scena i Gymsalen i Hyen som så mange
underhaldnings-kjendisar har gjort før dei. Og dei trollbatt publikum i tre
kvarter med song og musikk av verkeleg høg profesjonell klasse. Odd-Erik song
mange av dei kjende og populære balladane til "Fabel". Vi nemner i
fleng: "Jordbær og grasbrann", "November", "På
tide", "Fem", "Kjæleik og luft" og "Mann i
måne". Roger Allan framførte m.a. ein poplåt på engelsk; "Stand by
Me" der han akkompagnerte seg sjølv med eminent basspel. Publikum
kvitterte med trampeklapp og krav om ekstranummer, og dei fyrige og opplagde
artistane smelte til med Johnny Cash-låten "Get a River" til slutt. 
Som takk for innsatsen fekk representantar for aktørane kvar si skiferhelle
måla på av Hilde Aa.
Dei tre spelemannslaga byttest om å spele til
dans langt utover kvelden, og publikum dansa og kosa seg i godt selskap. Vel
blåst Hyen Spelemsnnslag og Hyen Ungdomslag. Takk for ein utruleg fin fest!
Forrige Spelemannsfest
> |