|
Spelemannsfesten i Hyen 2004 Etter
at fjorårsfesten diverre måtte avlysast, var det laurdag 28. august endeleg klart for ny
Spelemannsfest i Hyen. Som vanleg hadde arrangørane Hyen Spelemannslag og Hyen
Ungdomslag fått tak i verkeleg topp underhaldnings-krefter med song, dans og massevis av musikk. Hovudtrekkplaster
denne gongen var parhestane Odd-Erik Lothe og Roger Allan Ivin som dei fleste
vil kjenne att frå gruppa "Fabel". 
Som
vanleg var det Hyen Spelemannslag som opna programmet med fleire feiande
slåttar. Dei held verkeleg på å få dreis på spelet sitt med mange nye, og
tildels svert unge og lovande felespelarar. Kjekt å sjå at det gror så godt i
denne kulturelle berebjelken i bygda. Neste gong vi fotograferar, skal vi ha
gubbane bak om så vi får sjå alle dei unge og friske skota. 
Neste
lag ut var Gaular Spelemannslag som serverte ein meny av spel, dans, song og
kveding. Over spelar dei "Slettvals" etter Ola Nos. Under dansar dei
"Viksdalsspringar" så busta fyk.
|

Ein modig ung mann med namn Torgeir Timenes Bell kvad to
viser med imponerande kraft og presisjon.
|

Ola tormod Ommedal var konferansier for kvelden, og sydde
programmet greitt saman med m.a. lune vitsar.
|
|

Det går bra å spele duo når ein blir einige
om repertoaret meinar Ole Magnus Mo og Arngunn Timenes Bell.
|

Åslaug Timenes Bell og Elin Renate Ness song "Lördagsvisan"
og "Hastverksbryllaup".
|
Mari Andrea Ness og Atle Hof stod kanskje for det mest
imponerande innslaget; framføringa av "Parhalling frå Dalsfjorden"
etterfølgt av den meir velkjende "Hallingen". Der fekk vi sjå eit
par verkeleg imponerande hallingkast med nedsparking av hatt og det heile. Det
gjekk faktisk så fort at vi knappast fekk festa det til minnekortet.
Framhald > |