|
Spelemannsfesten 2002 framhald
  
Trekløveret med felespelaren Svein Hjellbakk og kvedarane Elin
Grytting og Judith Vestreim trollbatt publikum med vakre slåttar, viser og
stubbar som "Bruremars frå Telemark", "Svarterabben" og den
lokale "Ro, ro ut på Vikja" av Ida Vonhein frå Hyen. Praktfullt!

Eid Spelemannslag er populært i Hyen og har ein utruleg god
driv og snert som gjer musikken god å høyre på og ikkje minst danse etter.
Det kan ha med det relativt sterke innslaget av trekkspel og komp å gjere, utan
at vi skal gje oss ut på noko slags fagleg vurdering av musikken.

Hyen Spelemannslag framstod i "sterk" utgåve denne
gongen og hadde greidd å samle dei fleste av både "gamle" og nyare
aktørar. Dei fekk verkeleg dreis på både "Gimmestadvalsen" og
"Klunken".
Etter programmet vart salen rydda til dans. Dei to
spelemannslaga og Big Hand Light byttest om å spele, og dansen gjekk livleg så
dei små timane vart ryre.
-mheim-
Spelemannsfesten 2001
>>>
|