Frå Spelemannsfesten 2002 

Ny suksess for Spelemannsfesten i Hyen. Laurdag 31.august fyltest Gymsalen opp med entusiastiske musikk-og danse-interesserte publikum frå fjern og nær. Vi såg folk som kom eins ærend heilt frå det sentrale Austlandet for å oppleve denne tradisjonsrike festen. Og elles stiller glopparar og sunnfjordingar årvisst opp. Varemerket for denne festen er topp underhaldning frå kjende, profesjonelle kunstnarar som ein elles må reise langt for å oppleve, i fint samspel med dugande lokale spelemannslag og aktørar.

Denne gongen hadde arrangørane Hyen Spelemannslag og Hyen Ungdomslag fått countryartistane "Big Hand Light" med frå v. Tore Andersen, Ottar "Big Hand" Johansen og Tor Erik Johansen på scena. Ein strålande opplagd trio song klassisk "køntri" så vel som nyare eigenkomponerte låtar, og med eminent traktering av sine akustiske gitarar og bass fekk dei verkeleg driv i musikken og liv i publikum. Det var tydeleg at artistane treivst på scena og med publikum i Hyen.

Ottar Big Hand vil vere kjend for dei fleste m.a. frå Norsk Country Treff på Breim der han har vore konferansier og artist i "alle år" og frå CD-ar som "30 years on the Road" og "Passion & Trust".

Tore Andersen blir karakterisert som moderne norsk countryartist. Han har fleire plater på samvitet som debutplata "The hero in me" i 1993 og albumet "Tore Andersen" i 1998. I mellomtida var han med på plateinnspelingar med Rita og Frank Eriksen, Ottar Big Hand og NRK sin underhaldningsserie "Hillbilly Highway".

Meir >>>