Frå Spelemannsfesten 2001 

Hyarane greidde det igjen. Den 25.august, i skarp konkurranse med TV-overføringar frå kronprins- bryllaupet, samla dei stappfulle hus til den etter kvart så tradisjonsrike og populære Spelemannsfesten. Varemerket for denne festen er toppunderhaldning frå kjende, profesjonelle kunstnarar, som ein elles må reise langt for å oppleve, i fint samspel med dugande lokale spelemannslag og aktørar.


Denne gongen var det Åge Aleksandersen som var hovudattraksjon. Alle foto: Firda Tidend


"Kronprinsessene" er CD-aktuelle "Spindel" med Sigrid Therese Moldestad og Liv Merethe Kroken. 


Den polske barne- og ungdomsgruppa "Halka" dansa og song seg inn i publikum sine hjarte.


"Gloppen Folkemusikktorg" handlar om det meste av folkemusikkaktørar i kommunen.

Denne gongen var det Åge Aleksandersen som var hovudtrekkplasteret godt hjelpt av CD-aktuelle "Spindel" med Sigrid Therese Moldestad og Liv Merethe Kroken. Den fargerike polske barne- og ungdomsgruppa "Halka" dansa og song seg inn i publikum sine hjarte med sine glade og fengande folkedansar frå heimlandet sitt.

Sjølv om Åge er godt kjend for dei fleste frå sine mange kassettar og plater, vart nok "liveshowet" hans ei positiv overrasking for eit vakse, og etter kvart kyndig publikum. Han imponerte og begeistra med si varme og ærlege tolking av eigne tekstar som femna om det meste frå rocka "Rio de Janeiro" til rolegare balladar som "Lys og varme". Han fekk velfortent ståande applaus for konserten sin.

Lista over "kjendisar" som på denne måten har vitja Hyen er lang. Vi nemner i fleng: Sigurd Nesdal, Sigbjørn Brnhoft Osa, Jon Ekemo, Toralf Maurstad, Steinar Ofsdal, Kari Svendsen, Olav Stedje, Elin Prøysen, Arthur Arntsen, Gerald Pettersen, Terje Tysland, Geirr Lystrup, Johannes Kleppevik og mange fleire. Det har med andre ord status å vere toppartist på Spelemannsfesten i Hyen.

Og på ønskjelista bør kanskje stå namn som: Øystein Sunde, Mari Boine, Arve Moen Bergset, Halfdan Sivertsen, Lillebjørn Nilsen, Hanne Krogh m.fl. Og kvifor ikkje Sissel Kyrkjebø?

-mheim-