Sogevandring
i Hyen 17. august 2003

Sogelaget i Gloppen inviterte til sogevandring på den gamle
ferdslevegen i Vestredalen frå Hope til Heimseta søndag 17. august. Turen
starta i nedanfor Brekka og følgde stort sett gamlevegen bortsett frå dei
stubbane som vart nedbygde då den "nye" kom i 30-åra.
Vi saksar frå eit brev frå ein av deltakarane på turen:
"Ja dette var kjekt, du! Er komen attende frå
sogevandringa i Vestredalen, og det var på alle måtar ei vellukka vandring.
Turveret var ypparleg. Turfølgjet var triveleg, rundt 35 hyarar, sørstrendingar,
nordstrendingar og sandensarar. Høveleg tempo, og høveleg blanding av stigning, flatt og
unnabakke. Og Jakob og Martin J. gjorde jobben sin med orientering
undervegs. Jakob hadde sete fleire timar oppe hos Jostein Røyrvik
dagen før turen, og han hadde fortalt mykje interessant både av historie
og historier som Jakob vidareformidla på turen.
Men etter at Jakob hadde reist, hadde Jostein
kome på meir som han gjerne ville fortelje. Difor hadde han sykla fram i
vegen ovanfor skulen i Røyrvika for å vente på oss. Han følgde oss ned
til flata nedanfor skulehuset og fortalde oss både om posthuset som hadde
vore der i området og somt anna knytt til postgangen i gamle dagar.
Han er tydelegvis ein kunnskapsrik person som veit mykje om farne tider.
Som sagt, ein fin tur var det, og vokabularet mitt
når det gjeld denne traseen er monaleg utvida, Brekka, Gamlebrua og
Kvelvingsbrua, Skilbreivatnet, Straumsbotnen, Heifjellet, Kjerringebakken,
Fullskjegga, Paulvatnet, Heimsete-Åsen. Har rett nok høyrt ein del
av desse namna før, men no har eg klare indre bilete.
Frå barndomen har eg visse landskap eg kallar
Norsk Barneblad-landskap. Trur desse landskapa som eg skapte i mitt indre var
resultatet både av teikningar og forteljingar i Norsk Barneblad. Og for meg
vart dette dei perfekte landskap. Dei hadde alt. Min barndomsgard likte
eg svært godt, men han låg ikkje i eit slikt landskap. Der var det for
mykje rett opp og rett ned, og så mangla vi nokre viktige ingrediensar.
Barneblad-landskapa er kuperte, litt mjuke i formene og innheld skogar og
myrar, vatn og elvar, fjell, men ikkje for høge, åsar og haugar,
bakkar og knausar og fine gardshus og gardstun. Og Vestredalen
er eit slikt landskap.
Og for å avslutte som i skulestilane: Då vi
kom heim var vi alle samde om at det hadde vore ein gild tur. Og eg trur ikkje
nokon hadde protestert om vi hadde putta inn umåteleg fram for gild heller."

Jakob Rønnekleiv formidlar soger som illustrerer korleis vegen i si tid vart
brukt.

Marin J. Ommedal orienterer om den gamle ferdslevegen.
Jostein Røyrvik fortel kor fyrste posthuset i dalen stod.

Vandringa går gjennom Innitunet i Heimseta på veg mot Storefjorden.
Alle foto: Sverre Folkestad
- mheim - |