Nytt frå Hyen Skyttarlag

Nyt skytebane teken i bruk på Åbakkane


Hyen Skyttarlag kan endeleg ta i bruk ei splitter ny og moderne skytebane på Åbakkane i Hyen etter tre års oppofrande dugnadsinnsats av entusiastiske medlemer.

I tre år har Hyen Skyttarlag arbeidd med å byggje ny skytebane på Åbakkane i Hyen. Søndag 14. august vart det første stemnet avvikla i det nye, topp moderne anlegget. Byggjekostnaden kjem på mest tre og ein halv million kroner.

Hyen Skyttarlag er eit lite, men svært aktivt lag der dei beste skyttarane hevdar seg godt både lokalt i Nordfjord og på landsplan. Dei siste tre åra har så godt som all fritid for ei handfull entusiastiske medlemer gått med til å byggje ny skytebane på dugnad. No står bana langt på veg ferdig, og sist søndag vart det første stemnet avvikla i nyanlegget.

Stort løft
Bygging av ny skytebane har lenge stått på plankartet og er eit kjempeløft for skyttarlaget.
– Vi reknar med at anlegget vil koste 3,4 millionar kroner totalt. Vi får 1,1 mill. i tippemidlar, og yter sjølve 2 mill. i dugnad og eigeninnsats. Resten, 300.000 kroner må vi låne, seier rekneskapsførar for prosjektet, Magne Osmundnes.
– To millionar i dugnad høyrest mykje ut. Korleis greier de å yte ein så stor dugnadsinnsats?
– Det har vi vore pent nøydde til sidan kommunen ikkje har kunna hjelpt oss med tilskot slik det var vanleg før. Då la ein gjerne opp til ei tredeling mellom stat (tippemidlar), kommune og eigeninnsats i finansieringsplanane for slike anlegg. Men vi fekk klar melding frå kommunen om at ville vi byggje skytebane, måtte vi klare det utan kommunal støtte. Difor måtte det bli mykje dugnad, forklarar Osmundnes.
– Når det har vore mogeleg, skuldast det at mange har stilt opp og hjelpt til. Men først og fremst tre karar, som vi godt kan namngje, har stort sett brukt alle feriar og fritid dei siste tre åra her på anlegget. Det er Peder Holme, Oddvin Holme og Ole Arild Aa. Utan deira fantastiske innsats hadde det aldri gått, hevdar Osmundnes.

Topp moderne
Hyen Skyttarlag har fått til eit topp moderne anlegg med eit godt og tenleg standplassbygg på 230 kvm, 200 m og 100 m baner med høvesvis ti og åtte elektroniske skiver. Ein er og langt på veg ferdige med ei elgbane der ein kan trene på skyting mot mål i fart.
– Men jegerane kan nok ikkje rekne med å få trene på elgbana framfor jakta i år. Vi har ikkje fått på plass sjølve skinnegangen enno, seier leiar i skyttarlaget og byggjeleiar for prosjektet, Peder Holme. Han er tydeleg stolt over å kunne syne fram det fine anlegget dei har fått til.
– Men jaktprøva kan no skytast mot elektroniske reinfigurar, og det er no eit stort framsteg, legg Holme til.
– Vi har ikkje kunna trene stort anna enn miniatyrskyting sidan vi reiv det gamle og temmeleg skrøpelege anlegget vårt for tre år sidan, og det har vore eit stort handicap for dei aktive.
– Men tre av skyttarane dykkar var med i firemannslaget til Nordfjord som tok bronse i samlagsskytinga på Landsskyttarstemnet på Lesja for eit par veker sidan. Skal de vinne neste år når de får trene skikkeleg?
– He he, vi får sjå. Det stemnet går no så forbaska langt vekke (Målselv i Troms). Det spørs om alle kjem seg dit, humrar den skyteglade veteranen.

Ikkje opningsfest
– Skal de til med heidundrande opningsfest no då?
– Nei, det har vi ikkje planar om. Vi har hatt meir enn nok med å få bana ferdig. Vi skulle arrangert samlagsstemne med skyttarfest her til helga. Det kunne ha vore ei høveleg opning. Men vi vart ikkje klar tids nok til det, så stemnet vart flytta til Stryn, fortel Holme.

To sentrale personar i arbeidet med den nye skytebana, Byggjeleiar Peder Holme (tv.) og rekneskapsførar Magne Osmundnes, kunne stolte vise fram det flotte anlegget.

Heradsstemne på ny skytebane


Det historiske skytelaget som ”innvigde” den nye skytebana på Åbakkane i Hyen søndag kveld. Framme frå v.: Ole Arild Aa, Bertel Oddne Mjellem, Martin Hamre, Alf Erik Røyrvik og Eilev Otto Rønnekleiv. Bak frå v.: Peder Holme, Jakob Rønnekleiv, Odd Petter Skinlo, Knut Føleide og Andreas Røyrvik

Søndag 14. august var det heradsstemne i skyting på den nye bana i Hyen. Bertel Oddne Mjellem vart best av dei ti deltakarane med 346 poeng føre Ole Arild Aa med 343 poeng.

Den nye skytebana i Hyen vart ”innvigd” med heradsstemne sist søndag kveld. Ti skyttarar deltok i stemnet, sju av dei representerte Hyen skyttarlag og tre kom frå Indre Gloppen. Resultata varierte mykje, men det vart levert til dels svært god skyting.

Mjellem best
5.klassingen Bertel Oddne Mjellem (Hyen) har vist god og stabil form denne sesongen, og han vann komfortabelt dette stemnet og tre poeng føre lag- og klassekameraten Ole Arild Aa.
– Med dette resultatet kunne du matcha dei beste på Landsskyttarstemnet. Er denne bana spesielt lettskoten?
– Kor lettskoten ei bane er kjem vel først og fremst an på avstanden til skivene, og den kan variere ein del. Denne bana har korrekt avstand, og er vel ikkje spesielt lettskoten. Men det gjekk bra i dag, smiler den nøgde stemnevinnaren, Bertel Oddne Mjellem. Han kjem nett frå finalen i Toyota Cup på Tua i Eid der han også gjekk heilt til topps.

Resultat heradsstemne i Hyen 14.08.05

Kl. 5        1 Bertel Oddne Mjellem, Hyen       346

                2 Ole Arild Aa, Hyen                     343

                3 Martin Hamre, Indre Gloppen      337

Kl. 3        1 Eilev Otto Rønnekleiv, Hyen         326

                2 Andreas Røyrvik, Hyen                321

                3 Knut Føleide, Indre Gloppen        300

Kl. 2        1 Alf Erik Røyrvik, Hyen                  322

Kl. V 55  1 Jakob Rønnekleiv, Hyen                311

                2 Peder Holme, Hyen                       308

                3 Odd Petter Skinlo, Indre Gloppen 260

Toyota Cup

Bertel Oddne Mjellem (t.h.) vann finalen i Toyota Cup på Tua i Eid søndag 14. august. Han fekk 341 poeng på 200 m. Skytinga gjekk føre seg med såkalla "svensk finale" som vert avslutta med fem skot kneståande + fem enkle skot ståande.
Peder Holme (t.v.) vart best i kl V65 (100 m) med 349 poeng.