Hyen banka Sogndal
står det å lese i Firda Førde laurdag 25.oktober. Høyrest kanhende noko valdeleg ut, men det var "berre" hyejentene som hadde vore på ferde att. Dei er nokre hålingar til å spele fotball. Null tap i serien og 128 - 12 i målforskjell er det ikkje mange som kan vise maken til. Vi saksar velvillig vidare frå avisa:
Jentelaget til Hyen var fleire klassar betre enn Sogndal, då dei slo heimelaget i Sognahallen heile 8-4 torsdag kveld (23.oktober). Kampen avgjorde samstundes kampen om KM-tittelen for J-16 i sjuarfotball. Hyen har dermed vunne alle sine kampar i år, og inkludert serien for sone-vinnarar står dei med ein mål-forskjell på 128-12. Laget er langt på veg det same som spelte finale i Norway Cup.

FOTBALL JENTER 16

 Etter vårserien stod laget med målforskjell: 67-3
 Etter haustserien hadde laget målforskjell: 49-4
 Målforskjell haust/vår: 116-7

KM-serie.

 1. KAMP HYLLESTAD – SOGNDAL 2-3.
 2. KAMP HYEN – HYLLESTAD 4-1.
 3. KAMP SOGNDAL – HYEN 4-8.
 Samla målforskjell inkl. KM spel: 128-12

 

LAGET TIL HYEN:

 RANDI MARIE OS 87 Forsvar
 BENEDIKTE AA 87 Angrep. (kaptein)
 INGER MARI SOLHEIM 87 Forsvar
 ANETTE WIE OMMEDAL 88 Forsvar
 HILDE HJORTESET 88 Forsvar
 ELSE KARIN HOLME 88 Angrep
 RAGNHILD KLUNGRE 89 Angrep
 IDA GJENGEDAL 89 Keeper
 REIDUN HOLME 89 Angrep
 MARLIN AA 89 Angrep
 BRITT KRISTIN MJELLEM 88 Angrep
 GUNN WIE OMMEDAL 90 Angrep
 KRISTINE GJENGEDAL 90 Forsvar

M.v.h Tor Øyvin Aa Oppmann

-mheim-