Oppsummering Frå samling i Hyen 04.12.02

1. Innleiing, forståing og ramma for prosessen.

Bakgrunnen for denne samlinga har vore å køyra ein prosess basert på ein metodikk for fremjing av entreprenørskap -REAL - ( Rural Entrepreneurship through Action Learning ) som prosjektleiinga har tru på skal bidra til å utløysa konkrete prosjekt. Prosessleiinga har bestått av Ivar Offerdal frå Høgskulen i Sogn og Fjordane i samarbeid med prosjektleiarane i naturbruksprosjektet. Det var 24 deltakarar med på samlinga i Hyen denne dagen.

Dersom bygda ynskjer å følgje opp det som kom fram på samlinga den 4. desember, har prosjektleiinga tilbydt ei samling nr 2 i siste halvdel av januar der målet vil vere å jobbe vidare med konkrete prosjekt. Kommunen og fylkesmannen i samarbeid med utviklingslaget skal vera døropnarar og katalysatorar i den vidare prosessen. Dette er av stor betydning for arbeidet som står framfor oss

Mål for prosessen

Mål for denne dagen var å

Utvikle kreativitet

Arbeide med "produktutvikling"

Problemløysing

Hyarane samla ved Vågen Motell og Camping

REAL- Historie og idegrunnlag

REAL er eit opplæringsprogram for entreprenørskap utvikla i USA.

Grunnleggjarane var Dr. Jonathan Sher og Dr. Paul DeLargy.

Dei hadde visjonar om korleis unge og eldre skulle vere meir aktive i lokalsamfunnet; m.a. korleis lære meir om å skape og utvikla arbeidsplassar, korleis sjå muligheiter i eige distrikt, og såleis bygge nye arbeidsplassar i distrikta. Entreprenørskap kan definerast som:

* evne til å se ressurser og muligheter lokalt og til å være nyskapende både i arbeidsliv og samfunnsliv

* kvalifikasjoner til å bruke ressursene på en produktiv og meningsfull måte

* forståelse for konsekvenser av egne valg og handlinger

* vilje til å ta ansvar for felles arbeidsoppgaver, vise utholdenhet og stå-på-holdning

Prosessleiarane i verkstaden legg til rette for tryggleik/kreativitet gjennom speleregler, rammer, tidsbruk og verkemidlar. Det krevst ingen forkunnskap for deltakarane.

 

Prosessleiaren har satt deltakarane i grupper og vi er i gang med arbeidet

Første øvinga gjekk ut på å trene på å bryte tradisjonelle tankebaner. Det største hinderet er ofte at vi blir "tunblinde" og tenkjer i tradisjonelle baner. Deltakarane vart inndelte i 4 grupper og fekk i oppgåve finne likskap mellom;

Statue av kong Håkon og ein taxi

Ei elv og eit tre

Ein stor stein og ein draum

Mange gode og nye samanlikningar kom fram - på to minutt kvar gruppe kom opp med minst to eksempel på kvar av dei tre døma.

Spørsmål ein kan stilla seg når ein skal utvikla, fornya eller forbetra eit produkt er;

KVA ?

kva er nytteverdien til produktet ?

kva anna kan du nytta det til ?

kva anna kan eller kunne oppfylla same nytteverdi ?

KVEN ?

kven nyttar produktet ?

kven nyttar eller kan ikkje nytta produktet? Kvifor ?

kva andre brukarar finst ? korleis er dei ulike ?

KVAR ?

kvar vert produktet nytta ?

kvar elles kan det bli nytta ?

kvar kunne ein ikkje nytta produktet ? kvifor ?

KVA OM ?

kva om produktet ikkje eksisterte ?

kva om produktet var større eller mindre ?

kva om brukaren av produktet var større eller mindre

 

KVA OM DU KUNNE ENDRA …..

måten produktet vert nytta på ?

staden der produktet vert nytta ?

tida produktet vert nytta ?

Gruppene fekk utdelt kvar si skei og vart utfordra på å finne nye måtar å nytte skeia på - bryte barrierar på tradisjonell tenking. Etter ca 20 minutt presenterte gruppene sitt nye produkt - med ny design, ny målgruppe og utvida bruksområde.

- Turkammerat / Hyeskeia - kombinert retningsvisar - fluorisert med innebygd peilebrikke - kunne også nyttast som gravereiskap

- Fiskeoppheng med vekt - flaskeopnar / transporthengar for oppdrettsfisk med identifikasjonplate ( nummer og namn )

- Skei spesielt utforma for funksjonhemma - med sensorstyrt lokk

 

Mange nye bruksområder for den kjende og kjære skeia får sin introduksjon

 

Evaluering

Etter kvar øving er det viktig å gå gjennom korleis deltakarane opplevde prosessen - stikkord etter denne øvinga var:

- kort tidsfrist

- våge å gå langt nok ( bevege seg bort frå tradisjonelle tankar )

- bort frå det opprinnlege

- utfordring - å finne nye produktideear ( knoppskyting )

Kva er ein god ide, og kva er ein god forretningside?

Ei forretningsmoglegheit oppstår i skjeringspunktet mellom "samfunnet", "ressursane" og " entreprenøren". Skematisk kan dette illustrerast slik:

Gruppene vart så utfordra på å kome fram med idear - så mange som mogleg på ca 10 minutt. Nedanfor er alle desse opplista

- MINIKRAFTVERK Utvikle kompetanse på minikraftverk

- UTMARKSNÆRING -utvikle tilbod innan jakt, fiske og guida turar

- BIOBRENSELANLEGG

- STEINPRODUKT

- FRILANS - HEIMEHJELP

- LANDBRUKSVERKSTAD ( reperasjon og agentur )

- LAKSEGOLF ( laksefiske + spele golf )

- ADVOKATKONTOR

- HEST/ NATUR / HELSE

- VINTERSPORT ( ulike vintersportaktivitetar - ikkje skitrekk )

- ÅLPRODUKSJON

- REKNESKAPSTENESTER

- FOREDLING AV FJELLVATN

- PLASTPRODUKT ( produktutvikling )

- FOREDLING AV LAKS

- VILLMARKSCAMP

- FOREDLING AV TRE

- FRILANS AVLØYSAR

- UNDERAVDELING AV EASY CONNECT

- AMBULERANDE VAKTMESTER

- VIKARBYRÅ

- LOKAL MATPRODUKSJON

- SALG LOKALT HANDVERK

- BESØKSGARDAR

- GRØN OMSORG

Gruppene arbeidde intenst - av og til med innspel frå prosessxleiaren

Etter at alle ideane var komne opp, skulle gruppene vurdere + og - faktorar i bygda i høve til ideane.

    PLUSS - FAKTORAR

- Naturressursar

- Menneska - mange ressurspersoner

- Stabil arbeidskraft

- Høg moral

- Sentral lokalisering ( midt mellom Florø og Førde )

- Hyen invest ( lokalt investeringsselskap )

- Plass og lyst til å ta mot nye innbyggjarar

- Knoppskyting

- Spisskompetanse ( Plast, fisk, landbruk )

MINUS - FAKTORAR

- Offentlege restriksjonar

- Kommunikasjonar / infrastruktur

- Avstandar

- Liten lokal marknad

- Jantelov

- Ressurspersoner

- Ingen nød ( har arbeid )

- Tomtar

- Fleire kvinnelege arbeidsplassar

- Papirmølle

- Lønsemd

- Arbeidskraft

- Vilje og lyst

- Tid

Det er vanleg vis lettast å kome fram med dei negative faktorane - dei fleste av oss ser lettare hindringane enn moglegheitene.

Ressursane i lokalsamfunnet -

Forretningside eller mulegheit?

Prosessleiaren gjekk gjennom dei faktorane som avgjer kva som er ein god ide og kva som er ein god forretningside. Gruppene fekk utdelt eit ark med kriteria knytte til entreprenør, samfunn og ressursar. Etter å ha brukt dei definerte utsagna - kopla desse til kvar andre -

Entreprenør Samfunn Ressurs

Flink til grafisk design kommunen har grunn- 15 kvm ledig lokale

Kan mykje om IT og vidaregåande skule computer, fargeprinter

Nå skulle gruppene sjølve definere dei lokaler ressursane i bygda - i dei tre ulike kategoriane. To grupper arbeidde med entreprenørressursane, ei med samfunn og ei med ressursar

Etter intens jobbing, kom gruppene opp med følgjande grupperingar.

Kartlegging av dei lokale ressursane 1

Entreprenør ( ferdigheiter og evner, fagleg dyktig m.m. )

- Husflid ( bunad, strikking, trearbeid )

- Ski/ friluftsliv / barneidrett

- plast/ komposittkompetanse

- handverk( snikkar, elektrikar, rørleggar, bilmek., landbruksmek., frisør,blomster,fysioterapi)

- ledig arbeidstid på dagtid( vinterhalvåret )

- Transport ( lastebil, buss, taxi )

- God arbeidsmolral - sjølvstendig

- It/ Web, journalistikk

- Matproduksjon, ( bearbeiding av vil, gardsmat, partering, foredling)

- Alternativ medisin

- Juletre, skog, tømmer, treyrke

- Pedagogikk

- Veterinær, ( med spes. Kompetanse )

Samfunn

- Båtbyggeri

- Nærbutikk

- Barne- og ungdomsskule

- Kunstgalleri

- Rasfarleg vegsamband

- Landbruksbygd

- Stort meierianlegg i kommunen

- Lakseoppdrett og smoltanlegg i kommunen

- Kommunen har høgskule, vidaregåande- og folkehøgskule

- Skeiv alderssamansetning ( mest eldre )

- Kan få tre verneområde

- Nært til tre kommunesentrum

Ressurs

- Uutnytta vasskraft

- Ledig turistsenter

- Økonomi / finansiering )

- Natur

- Stein ( konglomerat )

- Colombus- teorien

- Vasskvalitet

- Vilt - fisk

- Ledige næringslokale

- Infrastruktur ( butikk, bank, rekneskap, skule, barnehage, bilverkstad m.m )

- Skog - biobrensel

- Brødrene Aa

- Kraftstasjonar

Evaluering

Målet med denne øvelsen var ikkje å kome fram med komplette prosjekt / idear, men trene på å sjå mulegheiter i skjeringspunktet mellom tilgjenglege ressursar, lokalsamfunnet og individet.

Oppsummering - kva no?

Gjennom prosessen har deltakarane fått prøve verkty for å bryte tradisjonelle tenkjebaner/ handlingsmønster, og å sjå dei totale ressursane i lokalmiljøet.

Det blir utarbeidd ei oppsummering frå samlinga som blir sendt til alle deltakarane. Naturbruksprosjektet vil innvilga Kr. 10 000,- til Hyen Utviklingslag. Dette er "såpengar" som skal nyttast til å gå vidare med prosessen i Hyen. Naturbruksprosjektet tilbyr ei samling - fase II - tidlegast i siste halvdel av januar, dersom det er interesse for dette. Denne samlinga vil primært vere for å arbeide med konkrete prosjekt / idear i Hyen.

Hyen utviklingslag vil prøve å få til ei intern samling i romjula der ungdomar og andre som til vanleg bur utan for Hyen, er målgruppe.