Brødrene Aa leverer båt igjen, passasjerbåten "Rygerkatt"

Brødrene Aa leverer ny passasjerbåt bygd i karbonfiber.

Sommaren 2002 leverte Brødrene Aa den første sivile snøggbåten bygd i karbonsandwich til rederiet L. Rødne & Sønner. Det var ein 20 meters utrykkingsbåt som opererer i Rogalandsbassenget som  ambulansebåt.

I oktober 2002 kontraherte Rederiet L. Rødne & Sønner  ein passasjerkatamaran bygd i same materiale som no er klar for levering. Fartyet har fått namnet Rygerkatt, og er bygg nr 236 frå Brødrene Aa as. Rygerkatt er leveranse nr 10 frå Brødrene Aa til L. Rødne & Sønner.

Karbonfiberarmeringar har høge styrke og stivleik. Samanlikna med tradisjonelle glasfiberarmeringar, er det 4 gongar stivare, og toler 2-3 gongar meir strekk.

For ein snøggbåt har vekta stor innverknad på fart og drivstofforbruk. På Rygerkatt har ein  redusert strukturvekta med 40 % i høve til alternative byggematerialar.  Testresultat viser at fartyet har ein toppfart på 29 knop. Operasjonsfart i rute er 24,9 knop.

Denne farten vert oppnådd med 2 x 330 kw og eit brenselforbruk på 5,90 liter pr. nautisk mil.

Rygerkatt skal trafikkere i by-øyane omkring Stavanger 22 timar i døgnet. Fartyet vil ha 200 anløp pr. døgn. Rygerkatt har 62 passasjersete i ein salong. I same salongen er det innreia kiosk. Fartyet skal ha to manns besetning, og er bygd og utrusta for fartsområde 3.

Fartyet er utvikla spesielt for bauganløp. Ein hydraulisk operert landgang kan styrast frå brua og gjere om bord- og ilandstigning effektiv. Med over 200 anløp pr dag er effektiv passasjerhandtering nødvendig. I tillegg til vridbare propellar har fartyet baugthruster.  

Skroget, som for dette fartyet er 18,5 meter, er utvikla for å kunne forlengast til 24 meter.

Skroglinjer er utvikla av SINTEF Marintek, medan linjer i overbygg er designa av Hareide Design Mill. 

Hovuddata for fartyet :        

Lengde Over Alt:                  18,50 meter

Bredde over Alt:                     7,50 meter

Tonnasje:                                93 BRT

Passasjersete:                         62 stk

Hovudmotorar:                       2 x mtu serie 60 14L a`350 kw.

Gir og Propellanlegg:               Servogear vridbare propellar. 

220 volt:                                  1 stk MASE 18 kva

Baugthruster:                           1 stk Sleipner Seidepower.


Katamaranen "Rygerkatt" i fint driv på Hyefjorden under utprøving. Foto: Ole Matias Aa

Forrige båtlevering , ambulanse- og utekontor-båten "Rygerdoktoren".