|
Brødrene Aa leverer båt
igjen, passasjerbåten Rygerfjord

Natt til 16. mai gjekk ein ny katamaran frå Brødrene Aa AS i Hyen med kurs
for Stavanger. Kontraktsverdien er på 20 millioner kroner. Dette er den
ellevte båten i rekkja som Rødne & Sønner har henta frå det suksessrike
båtbyggeriet i Hyen. Og det er ei videreføring av konseptet Rygerkatt som vart
levert i mai i fjor. Halvannan meter lenger, og med eit noko høgare
motorvolum for å oppnå betre fart. Det er dei vitale forskjelane, noko som
inneber ein passasjerkapasitet på 96 og ein marsjfart på 30 knop.
|

|
Her ser vi litt av det imponerande instrumentpanelet i
styrehuset på Rygerfjord som den nye katamaranen heiter.
Forøvrig er båten bygt på same måten som Rygerkatt og ambulansebåten
Rygerdoktoren i karbonsandwich, der ein med vakuuminjisering oppnår 40%
lågare vekt på struktur. Ikkje ueffent med tanke på driftsøkonomi og redusert
forurensing. Det er den tredje kommersielle passasjerbåten som
er bygt etter dette prinsippet her i Norge. Alle i regi av
Rødne. |
| Biletet viser litt av salongen i den nye passasjerbåten
Rygerfjord.
Katamaranen vil bli sett inn i rute for
Clipperskyss og som sightseeingbåt i Lysefjorden og Ryfylke forøvrig. Nok eit
kjærkome innslag for turistar og andre heidersfolk med utferdstrang, med
andre ord. Og eit aldri så lite signal om at ein av norges ledande
transportørar med mindre snøgtgåande båtar framleis er å finne i
Stavanger. |

|
Tekst: Magnar Heimset Foto: Ole Matias Aa
Den forrige katamaranen Rygerkatt
vart levert i mai i fjor.
|