|
Brødrene Aa leverer ambulansebåten
"Rygerdoktoren" Den lokale
hjørnesteinsbedrifta som i Hyen aldri har heitt anna enn
Båtbyggeriet, er no attende på ambulansebåtmarknaden
etter 10 år. Dei leverer no bygg nr. 235, ein rein
ambulanse-/utekontor-båt til rederiet L.
Rødne & Sønner/ Rødne Ambulanse, Stavanger. Båten
skal brukast som utrykningsfartøy og utekontor i
Rogalandsbassenget.
INFO BYGG 235, "RYGERDOKTOREN"
Fartøytype: Ambulansebåt/utekontor
Hovuddata:
Lengd: 19,0 m
Bredde: 4,7 m
Tonnasje: 49 Brutto register tonn
Passasjertal: 12
Fartsområde: Fartsområde 4 (inntil 25 naut. mil)
Hovudmotorar: 2 stk MAN D284 LE 413
Effekt: 2 x 735 kW
Design skrog: Marintek/Brødrene Aa
Design overbygg: Hareide Design Mill
Fart: 44 knop
Verft: Brødrene Aa AS
Rederi: L. Rødne & Sønner/ Rødne Ambulanse
Namn: Rygerdoktoren
Heimstad: Stavanger
Fartøyet er gjennomført som eit Industrielt
forsknings -og utviklings-prosjekt (IFU-prosjekt) der
verft og rederi har samarbeidd om utviklinga av
fartøyet. Prosjektet er støtta av SND.
Det er bygd i karbonfiber-/sandwich-konstruksjon ved
hjelp av vakuminjisering,
og har 40 % lavare strukturvekt enn tilsvarande båtar
bygd i andre materialar.
|