Ibsenkvinner i Hyekyrkja

Ei fullsett hyekyrkje fekk laurdag føremiddag ei innsiktsfull tolking av Ibsen sine sterke kvinner då den meritterte skodespelaren, Rut Tellefsen, heldt eit timelangt kåseri om sitt tilhøve til den store diktaren og dei mange kvinneskikkelsane hans.

F.T.: Magnar Heimset

Eit fantastisk flott og varmt sommarvêr hindra ikkje folk i å fylle Hyekyrkja for å høyre og sjå den kjende og prislønte skodespelaren, Rut Tellefsen, framføre sitt Ibsen-kåseri i samband med Friluftshelga i Hyen. Og publikum vart ikkje skuffa. Dei fekk oppleve ein strålande opplagt Ibsen-tolkar, som i sine flammeraude ”gevantar”, gav spennande og muntre attendeblikk på sine mange roller der ho har gjeve liv til Ibsen sine sterke kvinner.


Rut Tellefsen vart godt motteken då ho framførte eit timelangt kåseri om sitt tilhøve til Ibsen og hans sterke kvinner, spekka med dramatiske Ibsen-sitat, i Hyekyrkja .

Snytt for Nora
Ho gav livfulle karakteristikkar av Mor Åse, Hedda Gabler, Anitra og Den grønkledde, for å nemne nokre.
  – Men Nora vart eg snytt for. Ho er jo alle kvinnelege skodespelarar sin draum, og skulle eigentleg vere min avgangseksamen. Men Gerda Ring fekk tilbod om å setje opp ”Et dukkehjem” i Kina, og forsvann med heile oppsetninga dit, fortalde Tellefsen med lun humor og sjølvironi. Ho la ikkje skjul på at det var eit vonbrot for henne, men det var jo så mange andre spennande roller. . .

Hyggjeleg i Hyen
– Det var veldig hyggjeleg å få invitasjon til å kome til Hyen. Eg har kjent Olav Rønnekleiv i ”alle år”, og han har skrytt veldig hav Hyen. Han ville gjerne at eg skulle kome hit og gjere noko her og få oppleve den vakre bygda og miljøet. Det ville eg gjerne, og då tilbodet frå leiaren i Friluftshelga kom, sa eg ja med ein gong, fortel den vitale 75-åringen til Firda Tidend på bryggekanten etter førestillinga.


Den meritterte og prisløna skodespelaren, Rut Tellefsen, sette stor pris på å få invitasjon til å opptre på Friluftshelga i Hyen, og ho vart imponert og begeistra både over publikum og den ville og vakre Hyen-naturen.

– Og så får eg altså oppleve Hyen frå si aller beste side i eit nydeleg sommarvêr. Kyrkjerommet var akkurat passeleg stort, og publikum var veldig fint og oppmerksamt. Dei var med frå første stund, fortel den nøgde skodespelaren.
  Ho er fødd på landet, i Malvik kommune i Sør-Trøndelag fylke, i Nygaardsvold-bygda der opptakten til Folkebiblioteket vart gjort.
  – Så det er ikkje tilfeldig at eg tidleg fatta interesse for lesing og litteratur. Eg er glad i landsbygda, og storbyen var berre staden for meg så lenge eg arbeidde ved teatret. Etter at eg gjekk av der, var eg heime eit års tid og tenkte over kva eg no skulle gjere. Etter at eg kom til Eidsvoll har det vorte meir og meir oppgåver, og eg har ingen planar om å gje meg enno, seier Rut Tellefsen, medan ho nyt utsikta over Hyefjorden og fjella.