Romjulsfesten i Hyen
30.12.2004
Den 30. januar samla Hyen Ungdomslag små og store i bygda til ein god gammaldags bygdafest med mykje godt
heimelaga program og matservering i Gymsalen, og med dans i Smfunnshuset til bra musikk av
Steinar Engelbrektson Band. Den tragiske og enormt omfattande
flodbølgje-katastrofen i Søraust-Asia la naturleg nok ein dempar på festen,
og vart markert med eitt minutt stille ettertanke i starten av programmet. Hyen
Bondelag hadde teke initiativ til ei spontaninnsamling til offera for
katastrofen. Ungdomslaget la 5.000 kroner i bøssa, og oppfordra andre lag og
organisasjonar til å gjera det same. Bøssene stod framme heile kvelden slik at
også private kunne få høve til å gje.

Opningssketsj med jon Bjarne Hope, Even Rønnekleiv og Ole Arild
Aa i rollene. Alle foto: Magnar Heimset
TV2-parodi
Eitt av dei friskare innslaga var ein heimesnikra sketsj som
parodierte TV2-programmet "Vil du bli millionær" der tittelen var
fritt omsett til "Vil du bli misjonær". Premiane var eitt års
abonnement på Kyrkjebladet, eitt år som vararepresentant i Soknerådet og til
slutt å bli misjonær i Austredalen.

Marlin Aa som overengasjert programleiar og Heidi Mjellem som
konkurransedeltakaren som til slutt fekk bli misjonær.
Kåseri
Den faste programposten kåseriet er alltid imøtesett med spenning. Ungdomslaget er flinke til å finne fram til, og få fram på nye
dugande talent. Denne gongen var det Torger Eimhjellen, ung bonde og fleirfoldig
småbarnsfar på Rongkleiva, som fekk prøve seg. Den
jobben greidde han godt, med ektefølt sjølvironi og harsellas over eiga evne
til omstilling og tilpasning til nytt levesett.
Kåsør Torger Eimhjellen meistra sjølvironiens edle kunst,
medan Even
Rønnekleiv sin utstuderte immitasjon av lastebileigar Arve Aasen var ein
skikkeleg fulltreffar.
Lakshammaren
Eit friskt og aktuelt innslag med lokal karakter, var ein forseggjort sketsj
med all ståheien rundt Lakshammaren som rasa ut som tema. Her vart sentrale
aktørar i dramaet på og ved Ommedalsvatnet karrikert på ein treffande måte,
og til stor åtgaum i salen. Even og Eli Johanne si tolking av ekteparet Aasen
og deira utfordringar med å få transportert 7.500 høner forbi rasstaden var
særdeles vellukka, og utgjorde nok høgdepunktet i programmet.

Husorkesteret batt saman dei ulike innslaga. Frå v: Jon
Bjarne Hope, Eli Johanne Mjellem, Øystein og Kai Arne Aa.
-mheim-
Fotoreportasje frå Romjulsfesten
2002 >>> |