Romjulsfesten i Hyen 28.12.2002

Hyen ungdomslag mobiliserte igjen og trossa romjulslatskap og pubkultur. Dei makta nok ein gong å få folk ut av godstolen og tv-trancen og samla "halve" bygda til ein god gammaldags bygdafest med mykje godt heimelaga program og dans til god og variert musikk av dansebandet "Handelands trio".
Dei ulike programinnslaga vart glimrande bundne saman av laget sitt dugande husorkester forsterka av vokale innslag, her Merete og Mari-Anne.                         Alle foto: Magnar Heimset


Eitt av dei friskare innslaga var eit dansenummer av frodige (og modige) "balleraar" som verkelg greidde å setje publikum i den rette stemninga. Frå venstre: Odd Helge, Jon og Bertel Oddne.


Eit aktuelt innslag var ein ellevill parodi på "Tore på sporet" der Torgeir (til h.) gav ei imponerande tolking av programleiaren. Han hjelpte ei bedårande brassedros (Magni) å finne att ein norsk skyttar og båtbyggjar (Ole Arild). Dei hadde tydelegvis  hatt svært så nær kontakt medan han var i Rio på reparasjonsoppdrag for båtbyggeriet. At ho til og med hadde med seg eit absolutt synleg og konkret bevis på eskapaden, fekk publikum (og kanskje spesielt skulefolket) til å ønskje at det var sant . . .


Det mest lokalinspirerte og treffande innslaget var likevel ei srudlande frisk framstilling av våre håpefulle birkebeinarar si iherdige førebuing til den årlege utageringa frå Rena til Lillehammer. Det vart fornøyeleg harselert over både kosthald og finurlege smørjetips.Her hadde tydelegvis dugande amatørskodespelarar studert sine rollefigurar grundig og skaut blink etter blink som fekk låtten til å runge i salen. Alt sett i scene i ein godmodig satire som gav publikum (inkludert rollemodellane) i salen rikeleg høve til å stotrivast. Frå v.: Morten som Anton, Ole Arild som Matias og Even som Erling.


Eit absolutt høgdepunkt på desse festane er det tradisjonelle innslaget; kåseriet. Det er alltid spennande å sjå kva ungdomslaget har makta å stille opp med av nye talent. Denne gongen var det Margrete sin tur. Ho greidde jobben godt, og viste m.a. at ho meistrar den edle kunsten sjølvironi. 


-mheim-

  Fotoreportasje frå Romjulsfesten 2001 >>>