Romjulsfesten i Hyen 29.12.2001

Hyen ungdomslag mobiliserte igjen og trossa romjulslatskap og pubkultur. Dei makta nok ein gong å få folk ut av godstolen og tv-trancen og samla "halve" bygda til ein god gammaldags bygdafest med mykje godt heimelaga program og dans til god og variert musikk av dansebandet "Midtfjords".
Dei mange programinnslaga vart glimrande bundne saman av laget sitt eige husorkester forsterka av vokale innslag, her Mari-Anne og Lilliann.                         Alle foto: Hans Otto Holme


Eitt av høgdepunkta var ein sketsj som harsellerte over nymotens automatiske sentralbord og alle dei tidkrevjande vala ein så velvillig blir stilt overfor når ein prøvar å ringje ulike institusjonar. Problematikken vart treffande tolka av Vidar og Stine i ein nokså  prekær-panisk situasjon.


Jon Bjarne, Morten og Even tok for seg "Flo på tur"-konseptet i ein lokal variant. Pyse-kjendisen i Even sin skikkelse tok mål av seg til å meistre den krevjande dagsturen "Øyremo rundt" tett tråfølgd av ein nokså nærgåande femidisippel i Morten si innsiktsfulle tolking i stadig sviktande falsett.


Det mest lokalinspirerte og treffande innslaget var likevel ei ellevill dramatisering av eit møte i vårt kjære, og sjølvsagt uhyre livsnødvendige Hyen Utviklingslag. Her hadde tydelegvis dugande amatørskodespelarane studert sine rollefigurar grundig og skaut blink etter blink som fekk låtten til å runge i salen. Ikkje eingong Hyen sin høge beskyttar, ordførar-Anders, slapp unna treffande nålestikk. Alt sett i scene i ein godmodig satire som fekk publikum (inkludert rollemodelane) til å stotrivast.


Eit absolutt høgdepunkt på desse festane er det tradisjonelle innslaget, kåseriet. Denne gongen var det Magni sin tur, og ho viste at ho, i tilleg til sitt politiske og praktiske talent, også meistra denne kunsten. Ho fanga lett publikum si merksemd, og filosoferte ledig over velkjende emne som kjønnsrollemønster og lokale særeigenskapar. Flott Magni!


-mheim-