|
Roger
suveren på heimebane

Roger Aa Djupvik i velkjent driv i den 20 km lange løypa i Åstøylsmarka.
Det var naturlegvis ingen som kunne
følgje han då Hyen IL arrangerte lagsmeisterskap lang løype på Dalheim skjærtorsdag.
Det var naturlegvis ingen som var i nærleiken av
å kunne følgje Roger Aa Djupvik på lagsmeisterskap lang løype i Åstøylsmarka
skjærtorsdag. Broren Morten kom nærast mest ni min. bak.
F.T.: Magnar Heimset
Både Morten og Roger Aa Djupvik stilte på
startstrek då Hyen IL arrangerte lagsmeisterskap lang løype på
Dalheim skjærtorsdag. Roger gjekk naturlegvis fortast og distanserte
broren med mest ni minutt i den 20 km lange løypa. Per Arne Sæterlid kom på
tredje plass berre to sekund bak Morten.
Moderat deltaking
Det var heller moderat deltaking på rennet med totalt 17 som fullførte
i ein litt sur nordavind med snøbyer. Arrangementet vart avvikla rett
etter sportsandakten på Åstøylen. Vêret gjorde nok sitt til å
avgrense både deltakar- og publikumstal, men føret var bra, og det
vart oppnådd gode resultat både mellom store og små skiløparar. Å-brørne
si deltaking sette farge på rennet. Det er alltid populært å sjå dei
på heimebane, og dei er gode inspiratorar for unge håpefulle.
RESULTAT FRÅ
LAGSMEISTARSKAP
LANG LØYPE PÅ DALHEIM, torsdag
5.april 200
Gutar 7 år, 2,0 km
Nr.1 Magnus Storsletten 17,33
Gutar 8 år, 2,0 km
Nr.1 Olav André Gjengedal Lotsberg, Fj/V 12,4
Gutar 9 år, 3,0 km
Nr.1 Jon Rolf Skamo Hope 13,52
Jenter 10 år, 3,0 km
Nr.1 Brita Sande Holme 15,08
Gutar 10 år, 3,0 km
Nr.1 Torleiv Straume 14,56
Nr.2 Nils Armand Storsletten 16,00
Jenter 11 år, 3,0 km
Nr.1 Ida Elise Ommedal 16,29
Gutar 13 år, 5,0 km
Nr.1 Daniel Tormodseth, Førde 20,22
Pass. 5 km pass. 10 km
pass. 15 km MÅL.
Menn 71-75 år, 15 km
Nr.1 Arvid Sæterlid 22,05 44,22 67,37 67,37
Menn senior, 20 km
Nr.1 Roger Aa Djupvik 12,52 26,11 39,07 52.02
Nr.2 Morten Aa Djupvik 14,45 30,35 45,50 1,00,59
Nr.3 Vidar Rygg 14,43 30,37 45,55 1,01,44
Menn 36-40 år, 20 km
Nr.1 Per Arne Sæterlid 14,45 30,36 45,49 1,01,01
Menn 46-50 år, 20 km
Nr.1 Harald Ommedal 16,54 35,09 53,19 1,15,56
Menn 56-60 år, 20 km
Nr.1 Erik Hope 16,49 34,23 52,02 1,12,10
Nr.2 Anton Aa 18,55 38,59 60,07 1,28,12
Menn 61-65 år, 20 km
Nr.1 Oddvin Kleppenes 16,50 34,33 52,07 1,12,35
|