Roger
med pangstart på skisesongen

Roger ar akkurat så seriøs og målbevisst som han
ser ut på dette biletet frå Holmenkollen førre sesong.
Roger Aa Djupvik smelte til med ein skikkeleg
pangstart i sesongdebuten sin på Bul-sprinten i helga. Han tok ein
glimrande tredjeplass på 15km klassisk laurdag, og ein kanskje enda
sterkare sjuandeplass i friteknikk søndag.
Det var ein blid og godt nøgd Roger Aa Djupvik vi snakka
med på mobilen måndag etter Bul-sprinten på ski på Sjusjøen i
helga. Der tok han ein sterk tredjeplass på 15km klassisk laurdag, og til
han å vere, ein enda sterkare sjuandeplass på same distansen i
friteknikk søndag.
Har trena godt
Det er tydelegvis gunstig å vere på privatlandslaget Team Manpower,
eit femmannslag der Fredrik Aukland er trenar.
- Vi har hatt omlag 100 samlingsdøgn siste halvåret, høgdeopphald i
Italia inkludert. Eg har vore frisk og utan avbrekk, og tykkjer eg har
fått trena veldig bra. Dei andre på laget har gjeve meg god matching, og
eg føler at no går det rette vegen, seier stortalentet frå Hyen og
Fjellhug/Vereide-Hyen skilag.
- Det gjekk veldig bra i helga, og endeleg fekk eg til eit skikkeleg
skøyteløp. Eg er faktisk vel så glad for sjuandeplassen søndag som for
tredjeplassen laurdag, for eg har slite med å få til skøyteløpa mine.
- Men du har då alltid vore god til å skøyte?
- Det har eg faktisk tykt sjølv og, på trening, men i løp har det
liksom aldri klaffa heilt. Denne gongen hadde eg ei god kjensle under
heile løpet, og et tykte verkeleg eg fekk det til. Det er viktig å kunne
meistre begge stilartane, hevdar Roger.
- Har du trena meir enn tidlegare sidan du no ser ut til
å få så stor framgang?
- Ja, både meir mengde og hardare trening, meir kvalitetstrening, kan ein
seie. Men elles ikkje noko hokus pokus i høve til det eg har gjort
tidlegare. Men vi må visst ha gjort noko rett i førebuinga til sesongen,
kan det sjå ut til. No bør vi vel ikkje skru forventningane for høgt
etter berre to renn, men får eg vere frisk kan dette bli min beste
sesong.
- Kven steller skia dine. Har de eige smørjetim i laget.
Det er vel svært viktig og nødvendig å ha topp ski for å kunne hevde
seg på dette nivået?
- Ja, skia er utruleg viktige. Det hjelper lite om han oppå skia er god
dersom gliden er dårleg. Då tapar ein uansett. Nei, vi har ikkje eigne
smørjarar, men eg er heldig og får hjelp av Per Knut Åland. Han kan det
meste innan smørjing og preparering av ski, også når det gjeld
skøyting.
Magert levebrød
- Får du tid til anna enn å gå på ski og trene?
- Skia tek mesteparten av tida, men sponsorane til Team Manpower er veldig
opptekne av at vi skal skaffe oss utdanning. Det tykkjer eg er positivt,
og eg held på med grunnfag i historie på høgskulen i Lillehammer. Det
er godt å ha litt anna å drive med enn berre ski, og dei færraste kan
leve av langrenn.
- Ja, kva lever du eigentleg av?
- Eg får no inn litt sponsorkroner, utan at det er noko å bli feit av
akkurat. Laget får dekka alt på samlingar, og det hjelper godt. Vi får
og litt stipend, men eg skal ikkje legge skjul på at mor og far er gode
og ha. Det kan nok gå litt hardt ut over dei av og til, ler Roger.
- Korleis er programmet framover?
- Norgescupen står øvst på programmet. Det er viktig å gjere det godt
i alle løp der for å kvalifisere seg til Skandinavisk Cup. Elles er NM
på Kongsberg i månadsskiftet januar-februar eitt av hovudmåla, seier
den energiske toppidrettsmannen frå Hyen.
-mheim-
|