|
Reisebrev
frå Jon Bjarne og Synnøve

Her er ei av New Zealands nydelege elvar, kor svære aurar
sto tett. Perfekt for flugefiske!
Hyaren Jon Bjarne Hope
og dama hans Synnøve Kvile frå Breim var i vinter på ein fantastisk
tremånaders tur til New
Zealand, Australia og Thailand. Her fortel dei litt av det dei opplevde på
den spennande turen sin.
- Den 31. januar 2005 var endelig dagen komen då vi skulle starte på
reisa vår ut i verda. Etter månader med planlegging og førebuing, hadde vi
bestemt oss for å starte turen heilt på den andre sida av kloden, i New
Zealand. Der har vi nemleg ein felles kjenning frå Breim som vi ville besøke.
Etter tre døgn (derav rundt 30 timar i rein flygetid) kom vi endeleg fram til
Waikapukurau, ein liten landsby søraust på nordøya kor Magnar Støyva bur. Han jobba på ein gigantisk farm kor dei
har fleire tusen sauer og
kjøtkveg.

I området rundt Rotorua på New Zealand var det mange varme
kjelder som gav naturen ei trollsk stemning.
- Det første som slår deg når du kjem til New Zealand er den fantastiske
naturen. Der er utrulig frodig og grønt og vakkert! Og så har dei alt i frå
isbrear og høge fjell til jungel, sandstrender og geysirar. Eit perfekt
land å reise til for dei friluftsinteresserte. Vi fekk med oss både
pungrottejakt og fiske i nokre av dei krystallklare elvane kor regnboge- og
brunaurar på 2-5 kg sto i tette stimar. Ein annan artig aktivitet vi prøvde
var Black Water Rafting. Det gjekk ut på å klatre, hoppe og symje ned
gjennom ei underjordisk elv som rann inne i ei grotte i eit fjell.

Operaen i Sydney er ein vakker og spesiell bygning, og er sjølve
symbolet på byen.
- Sydney var neste stoppestad. Ein stor men likevel veldig fin by der
operahuset er det mest kjente landemerket. Vi fekk med oss operaen
”Toska” då vi var i byen. Eit mellombels Ringenes Herre- museum der
enorme mengder våpen, kostymer og figurar frå dei berømte filmane sto
utstilt, var òg ei interessant oppleving. Hunter Valley er eit berømt
vinproduksjonsområde utanfor Sydney. Dit reiste vi for å sjå korleis
produksjon av vin føregjekk, og smakte på ei mengd ulike vintypar.

Krokodilla på biletet er seks meter lang og veg 1260 kg. Mannen
på bildet er galen . . .
- Australia har eit veldig rikt dyreliv. I løpet av dei seks vekene vi var
i landet, fekk vi sjå veldig mange ulike eksotiske dyr i dyrehagar og ute i
naturen. I dyrehagen til Steve Irwin, ”The Crocodilehunter” hadde dei
giftige slangar, svære krokodiller, emuar, skilpadder, papegøyer og ei vøle
andre dyr som ein ikkje akkurat støyter på i Noreg. Vi fekk òg klappe
kenguruar og koalabjørnar og halde ein svær pytonslange kring halsen. I
Warrumbungles Nasjonalpark kor vi gjekk fjelltur, kunne det plutseleg
sprette ville kenguruar forbi råsa vi gjekk. Og at ein 2,5 m lang varan
dukka opp på 10-15 m hald var òg ganske spesielt. Mange er redde for
giftige slangar og edderkoppar i Australia. Rett nok såg vi mange svære
edderkoppar og ein giftig pytonslange ute i villmarka, men vi var aldri i
fare for å bli bitne. Vi var innom ein kvegfarm og fekk lære litt om
korleis kjøtfeoppdrett og cowboyliv føregjekk der til lands. Den hadde eit
areal på størrelse med Belgia, og hadde fleire tusen kveg. Vi lærte òg
å bruke pisk og kaste boomerang. Ein ridetur ut i den australske villmarka
var og ei flott oppleving.

White Haven Beach er rangert som den 6.vakraste stranda i
verda.
- Byron Bay blei fort ein av våre favorittstader på turen. Den
idylliske småbyen hadde flotte strender kor vi kosa oss i sola, lærte oss
å surfe og tok dykkarkurs. Den kanskje beste opplevinga vi hadde på turen
var ein tredagarstur på ein 61 fots seglbåt. Tre dagar med sol og skyfri
himmel kor vi dykka og snorkla i The Great Barrier Reef, overnatta på dekk
under ein heilt utrulig klår stjernehimmel, fekk servert nydelege måltid,
opplevde fantastiske knallraude solnedgangar, besøkte ei strand kåra til
den sjette vakraste sandstranda i verda og elles låg på båtdekket i sola
og kosa oss med musikk og kalde øl. Kort sagt ekte livsnyting!

Elefantriding var ein spennande men noko ukomfortabel
erfaring.
- I Thailand var vi først til storbyane Bangkok og Chiang Mai. Dei var
verkelege mekka for shopping. På digre handlesenter og på marknader i
gatene kunne ein få kjøpt alt mellom himmel og jord til ein veldig billeg
penge. I jungelen utanfor Chiang Mai var vi på tredagars tur kor vi
overnatta hos lokale stammar som levde enkle liv med risdyrking og
husdyrhald slik dei hadde gjort i generasjonar. På turen fekk vi prøve
elefantriding og bambusflåte-rafting, slik innbyggarane der i området
framleis brukar som transportmetodar.

Eit tempel i Thailand fullstendig dekt av gull.
- Av andre opplevingar vi fekk med oss var thaiboksing og ein særdeles
behageleg thaimassasje. Nokre svære gulldekte tempel besøkte vi, og fekk
sjå korleis dei buddhistiske munkane levde liva sine. Seinare drog vi til
Patong på Phuket, kor tsunamien råka i jula 2004. Det aller meste av
butikkane og hotella var bygt opp igjen og i drift, så med unntak av nokre
få ruinar var det ikkje mykje som viste igjen av øydeleggingane etter
flodbølgja. Den siste tida av turen gjekk stort sett med til å slappe av på
dei flotte sandstrendene på Phuket og deretter i hengekøyer ved ein
bungalow med fantastisk utsikt over havet på øya Koh Pha Ngan.

Dei knallraude solnedgangane i Thailand var endå vakrare enn
biletet viser!
- Ei av dei beste sidene ved å ta ein slik langvarig tur ut i den store
verda, er alle dei spanande personane ein blir kjende med undervegs frå alle
kantar av verda, og gjennom dei lære om deira heimlands kultur, skikkar og
levesett. Vi tykte òg det var grådig kjekt å ha nok tid til å kunne
utforske og bli godt kjende med somme av stadane vi besøkte. Og kjensla av
å styre tida si fullstendig utan stress eller andøg på nokon verdens ting
er verkeleg herleg. So alt i alt hadde vi ein uforgløymeleg tur med flust
av artige opplevingar og gode minner.
Jon Bjarne og Synnøve
|