|
Heidra
av Livredningsselskapet
Øystein Aa frå Hyen vart sist søndag tildelt
redningsdådsdiplom med tilhøyrande blomster og gåve få Norges
Livredningsselskap for at han berga ein tyske trailersjåfør frå å
drukne etter ei dramatisk utforkøyring før jul.

– Eit diplom for redningsdåd heng svært høgt, men er
absolutt på sin plass. Øystein Aa risikerte sitt eige liv og berga ein
mann og ein far, sa Hans Terwindt mellom anna under overrekkinga i Slåtthaughallen
på Nesttun i Bergen sist søndag. Foto: Karen Anita Aa
Det var om kvelden den
13. desember i fjor at Reinhard Bernhard Seggewiss, busett på
Sande i sunnfjord, miste kontrollen over traileren han køyrde på glatta
i Romarheimsdalen. Han brasa gjennom autovernet og for gjennom isen
i Nipetjørna. Øystein Aa, som
var på veg til Bergen etter ein helgetur heime i Hyen, kom til like etter
ulukka. Han såg tydelege skrensespor i vegen og at autovernet var brote
ned eit stykke. Han bremsa opp så fort han kunne, rygga tilbake og hoppa
ut av bilen. Då høyrde han rop om hjelp frå vatnet like nedanfor vegen.
Kritisk
Frå då av gjekk alt på
instinkt for Øystein, og adrenalinet kokte i årane hans. Det var bekmørkt,
men lysa på trekkvogna stod på og lyste under vatn, så han skimta at sjåføren
hadde kome seg opp på bilvraket og til overflata. Øystein skubba vekk
nokre isflak og fekk sjåføren til å hoppe mot seg. Då gjekk han under
fleire gonger, og han greidde ikkje å symje skikkeleg. Det var krise, og
Øystein laut hoppe ut i vatnet sjølv og vasse ut til marbakken. Ståande
til opp under armane i isvatnet, nådde han så vidt tak i handa til sjåføren
og fekk drege han inn til lands. Der fekk han hjelp av ein tilkomen bilist
som kasta ned ei lastestropp, og saman fekk dei drege den sterkt medtekne
sjåføren opp på vegen og inn i ein varm buss som då var komen til.
Sterkt
møte
Trailersjåføren og familien hans var til stades under
overrekkingsseremonien i Slåtthaughallen på Nesttun i Bergen, og det
vart eit sterkt møte mellom dei og redningsmannen. Familien gav uttrykk
for at dei var svært takksame for Øystein sin store innsats og at han
alltid ville vere den store helten deira.
– Eg hadde ikkje møtt dei før etter hendinga, og det var litt
spesielt å sjå att sjåføren. Det var kjekt å bli kjend med han, og eg
fekk inntrykk av at han er ein veldig grei kar. Det var òg høgtidleg å
få overrekt diplom og blomster av Elin Gullaksen og Hans Terwindt i
Livredningsselskapet. Dei orienterte om arbeidet i selskapet og las opp
grunngjevinga for diplomet. Ordføraren i Bergen, Gunnar Bakke, var der òg
med kjede og greier og heldt tale. Jau, det var stor stas, fortel Øystein,
som gjerne vil treffe familien Seggewiss att ved seinare høve.
Reinhard Bernhard Seggewiss og familien hans gav uttrykk
for at dei er svært glade og takksame for innsatsen Øystein Aa gjorde då
han berga familiefaren opp av isvatnet den skjebnesvangre, mørke
desemberkvelden i fjor.
Øystein Aa berga tysk trailersjåfør. Les Firda
Tidend
|