Ramperaid











Ramperaid gjennom Hyen natt til 16. mai

Natt til den 16. mai har barnsleg pøbel moroa seg med omfattande herverk langs rv. 615 gjennom Hyen mot Storebru. Vaktmeisteren på skulen fann ein knyttnevestor stein pelma gjennom ei av dei store termopanrutene i gymsalen på skulen torsdag morgon.


Prydtrea ved Straumsbruna var åt og vart store og fine. For fine for somme?

Eitt av dei flotte prydtrea som vegvesenet og hagelaget planta ved Straumsbrua for nokre år sidan, var rett og slett nedbrote og fullstendig øydelagt.

På Hope var eit postkassestativ nedrive og ramponert. Ved Fullskjegga på Høgdene var eit gammalt reiskapsskur velta over og ramponert. Eit anna skur ved Solheim var og gjort stor skade på. Arbeidsformann i Statens Vegvesen, Hans Hjorteset, har ikkje full oversikt over skadane enno, men reknar med å finne meir langs vegen frå Sandane til Storebru.


Destruktiv kreativitet. Rett nok gammalt og lite brukt, men likevel !

Saka er ikkje meld til politiet enno. Tidlegare erfaringar etter store russetreff o.l. tilseier at det er lita hjelp å få mot pøbelen. Ein ting trur vi kan seiast her og no. Det er ikkje hyeungdom som har gjort dette. For det fyrste har vi neppe slik ungdom i bygda, og for det andre skal det ikkje stor fantasi til for å forstå at dette er gjort av folk på gjennomfart på veg heim frå treffen på Sandane.

-mheim-