|
Nye prosjektoppgåver ved Hyen skule: Hendingar knytt til Hyefjorden.
10. klasse ved Hyen skule har starta eit prosjekt der ein vil kartlegge
hendingar gjennom tidene som er knytt til Hyefjorden. Vi er derfor ute og bed om
hjelp. Vi vonar at alle som hugsar eller veit eit eller anna, vil dele dette med
oss.
Det er meininga å fotografere fjellsidene samtidig som vi vil bruke kart
til å merke av opplysningane. Vi er ute etter små og store hendingar frå alle
tider.
Skulle de vite om at det finst bilete frå enkelte hendingar, vil vi
gjerne vite det slik at vi seinare kan kome tilbake til ev. illustrasjonar.
Vi kan her nemne nokre punkt som vi har tenkt på, men det finst sikkert
mykje meir: -
Naturkatastrofer
– fonner om vinteren, men også anna -
Islegging –
vanskar og fårar, f.eks som skuleveg -
Ferdsle –
namn på rutebåtar, frakting av dyr, postruter, kaier i fjorden, naust og
båtplassar/rettar -
Krigshendingar
– skip, fangar i skjul (ev. hjelparar), våpen o.l -
Jakt –
hjort, bjørn o.a -
Slåtteteigar
– var her f.eks løypestrengar? -
Fiske – har
fjorden endra seg? Kvar var sitjenøter for laksefangst?
Dette er berre litt av det vi veit at det knyter seg hendingar til. Har
du personlege opplevingar, er vi glade om du fortel. Du kan anten skrive ned
det du har å fortelje eller du kan ta kontakt med nokon av elevane eller
kontaktlæraren:
Her har de namna:
Silje Hallem, Inger Mari Solheim, Steffen Hope, Jens Robert Hope, Benny
Aasen,
Randi Marie Os, Benedikte Aa, Arnstein Ommedal, Gunn Beate Gjengedal,
Jens Andre Gjengedal og Hilde-Gunn Ommedal. Vi
takkar på førehand og vonar mange vil hjelpe oss! Tenk ikkje som så at
hendinga de vil fortelje om er godt kjend frå før, vi kan få høyre det mange
gonger. De
finn dette også på Hyen skule si heimeside. Dersom de har tilgang til
internett, er det fint om de kan sende opplysningane på e-post. Adressa
er: hilde-gunn.ommedal@gloppen.kommune.no
Til
deg som har gått på ein grendaskule i Hyen: Skulen
i Hyen gjennom tidene.
Skulestrukturen i Hyen har endra seg mykje dei siste åra. Frå fleire
grendaskular til dagens situasjon med berre to.
Mange som no er i foreldre- og besteforeldregenerasjonen, har opplevd
grendaskulane og har mange minne frå desse.
10. klasse ved Hyen skule vil gjerne starte ei kartlegging av skular og
daglegdagse hendingar knytt til skulane. Vi vil gjerne at de fortel om eigne
opplevingar, men at de også tek med det de har høyrt eller lese frå tidlegare
tider. Vi ynskjer og tips om bilete og dersom de skulle vite at det har funnast
gamle krinsprotokollar der det kan vere stoff om skulen er vi svært interessert
i det.
Vi vil gjerne at de fortel om eigne opplevingar, men at de også tek med
det de har høyrt eller lese frå tidlegare tider. Vi stiller nokre spørsmål
som vi gjerne vil at de svarer på: 1.
Kva heitte skulen du
gjekk på? 2.
Korleis var
skulevegen og korleis kom du deg til skulen (heile året). Hendingar på
skulevegen høyrer og med her. 3.
Kor mange dagar
gjekk de i skulen pr. veke? (småsk. og storsk) 4.
Kva heitte læraren/lærarane? 5.
Kva fag hadde de og
korleis var det med lekser? 6.
Hadde de skuleturar? 7.
Kva slag feriar
hadde de, og kor lange var dei? 8.
Hadde de fritt
skulemateriell, kva fekk de? 9.
Kva hugsar du av
undervisningsmateriell som skulen hadde? Det
er sikket mykje meir vi kunne spørje om,men det er viktig at du tek med laust
og fast, vi er interessert i alt. Så må vi og få vite kva årstal du gjekk i
skulen. Vi
legg dette inn på Hyen skule si heimeside på nettet. Dersom de veit at
utflytte slektningar/kjenningar har tilgang til internett, så gjer dei merksam
på det. Opplysningane
kan du skrive ned og levere dei til skulen eller sende dei på e-post til: |