|
Prosjekt
Ishockeykøller
10. KLASSE 2001-2002
Plast-ishockeykølle-prosjekt på Brødrene Aa
For 10. klasse står det i læreplanen at elevane skal
gjennomføre eit prosjektarbeid der "ein gjennomfører eit målretta arbeid
frå ide til ferdig produkt, som skal gjere sitt til at røynsler, konkrete
resultat eller praktisk løysing blir formidla og presenterte for andre."
Vi ønskte i år å lage ei prosjektoppgåve i faget natur- og
miljø, der kjemi har sin plass. Her i Hyen har vi ein kjemisk
produksjonsbedrift, Brødrene Aa, som lagar produkt i plast. Vi hadde derfor
lyst til å komme ut på arbeidsplassen å lage noko i dette materialet, som
skulen i etterkant kunne ha glede av. Eit samarbeid mellom skule og lokal
arbeidsplass er heilt i tråd med skuleplanane, så vi tok kontakt med Brødrene
Aa, både med bedriftsleiarane og med arbeidarane. Og overalt blei vi møtt med
velvilje, interesse og praktiske råd og hjelp både før og utover i
prosjektperioden. Vi må og nemne at all bruk av arbeidsmaterialer var gratis,
likeså all den hjelp vi fekk av de tilsette. Kva fekk bedrifta att? I alle fall
ein takknemlig lærar og 6 blide 10. klassejenter som gleda seg til kvar dag dei
skulle på bedrifta for å arbeide.
Deltakarane
frå v:
Olaug Katrin
Ida Kristin
Mari Beate
Ida Elin
May Helen
Eli Johanne
I naturfagtimane på skulen hadde vi hatt om karbonkjemi og plast, og no
ville vi prøve å setje kunnskapen ut i livet. Skulen hadde stort behov for
ishockeykøller, etter at tre-ishockeykøllene vi hadde før, knakk etter cirka
4 slag. Vi bestemte oss for å lage nokon skikkelege køller av sterk plast.
1.dag:
"PLUGGEN"
Vi skulle vere på Brødrene Aa heile torsdagen, og fekk "utlevert"
eit arbeidsrom. Der var eit arbeidsbord og nødvendig utstyr. Avdelingsleiar
Torbjørn utnemde Oddvin til vår "personlege hjelpar".
Før vi kom hadde Tor og Torbjørn laga til ein skrå klosse oppå bordet,
så originalkølla, "pluggen", skulle ligge støtt. Vi limte kølla
fast til bordet, og gjekk i gong med å sparkle rundt sidene (for å få opne
vinklar i forma). Det måtte skje fort, for sparkelen tørka nesten med ein
gong. Vi pussa vekk overflødig sparket etter herding. Så la vi på mange lag
med voks og slippmiddel på og rundt pluggen. No skulle vi dekke heile det voksa
området med eit tjukt lag gel-coat. Det er ei slags måling, som skulle sikre
ei glatt overflate og ein fin finish.
Mens gel-coat-laget tørka, fekk vi prøve å lage to laminat-lag. Vi rulla
flytande polyester inn i dei åtte små glasfibermattene, og la fire og fire i
lag i "bunkar". Polyesteren batt i hop mattene og når det stivna vart
det eit sterkt lag.
Vi fekk ikkje lov å legge laminat-lag på forma. Det skulle folka på
Brødrene Aa ta seg av, då det var store krav til utførelsen.
2.dag
"FORMA"
Sidan vi var der forrige gong hadde Torbjørn og Oddvin lagt 4 laminatlag på
gelcoaten til ei halvform. Då vi skulle til å løyse halvforma, fekk vi oss
ein liten overrasking: Ishockeykølla sat bom fast inni forma. Etter lang tids
fjerning av sparkel, med kniv, hammar og hoggjern, og alt anna tilgjengelig
hardt verktøy, fekk vi den laus til slutt. Då hadde Tor klart å sprekke opp
litt av forma.( Det gjekk heldigvis an å fikse på skaden med lim) Då vi hadde
fått laus kølla, måtte vi til å pusse vekk sparkelen som var igjen på
kantane i forma. Det òg tok si tid. Men til slutt kunne vi gå og ta matpause.
Etter pause måtte vi pusse endå meir for Oddvin var ikkje fornøgd med det vi
hadde gjort. So tørka vi vekk pussestøvet og la på eit lag med Freewax, eit
slippmiddel med voks.
3.dag:
VAKUUM-INJISERING.
Vi klipte opp ein spesiell glasduk, der vi fekk beskjed om å utnytte
materialet. Olaug og Ida Elin reingjorde formene og voksa dei, slik at dei var
klar til ny støyping. Så skulle vi få ei kjerne av PVC-skum innpakka i
glasfiberdukane vi hadde klipt til, trykt ned i forma. Det var ikkje lett, for
glasslaget skulle vere stramt. Vi la fire lag blad-glasfiber på kvar side av
køllekjerna og eit tilskore lag over. Vi tok på dobbelsidig tape rundt kantane
på forma. Vi måtte passe at det vart lufttett. Skar til ein plastfolie,
Peelplay, (vi fann eit restestoff), som gjekk ca. 3 cm utanfor sjølve forma på
begge sider. Så tok vi nokre røyr som skulle føre fram polyesteren til forma,
og limte dei fast, slik at den eine enden stakk ut frå det teipa området. Vi
festa den andre enden til ei maskin, ei vakuumpumpe. Oddvin fann fram ein
spesial plast-duk som vi teipa over forma.
4. dag:
Vi kom, drakk 4 koppar kakao, og så gjekk vi i gang med arbeidet. Det stod
ein beskjed på forma, så vi måtte finne Oddvin. Dermed tok vi liksågodt ei
omvisning rundt om på verkstaden, der såg vi mykje interessant….
Då vi til slutt fann Oddvin, fylte vi flytande polyester opp i ei bytte, ca
1,67 kg, og 1,5 % herdar, 25 ml. Vi gjekk opp på arbeidsrommet og kobla slangar
til dei plastdekte formene (parallellkobling). Vi putta deretter slangane opp i
bytta med polyester og ei vakumpumpe saug det inn i forma. Den gule massen
bredte seg frå midten av kølla og ut mot sidene. Vi måtte stenge igjen med
knipetang på eine sida etter at polyesteren hadde fukta glaset heilt, og det
byrja å kome inn luftbobler.
Mens vi venta på at polyesteren skulle fylle forma, skulle vi slipe den eine
ishockey kølla som Toren og nokon av arbeidsfolka hadde laga frå før. Vi
brukte ein vinkelslipar. Så kobla vi til ei vakumbytte i tillegg til pumpa, for
å samle opp polyesteren som var i ferd med å bli sugd inn i eit av røra.
"Geltida" på polyesteren vi brukte (tida det tar til polyesteren
vert tjukk) var 1 ½ time. Vi måtte vente til den var heit stiv, ca 2-3 timar.
Kølla hadde ganske store kantar som måtte vekk, så vi pussa den til den
blei glatt og fin. Ei anna kølle måla vi med gelcoat på eine sida og pussa
den på den andre sida. Då vi var ferdige, tok vi matpause.
Medan vi var nede, hadde polyesterresten i bøtta byrja å herde og det vart
utvikla varme, nermare 160 grader. Det fosskoka og rauk, og det kom ei ekkel
lukt ut. Vi kjølte det ned med ei bøtte med vatn. Etter matpausa, medan vi
venta på at polyesteren skulle stivne var vi på omvisning.
Dag 5:
"HANDLAMINERING"
Vi byrja dagen med å løsne dei to køllene vi hadde laga gongen før. Eli
Johanne byrja å slipe køllene, men der var ikkje noko avsug, så
polyesterstøv fylte snart heile rommet. Vi bestemte oss for å slipe køllene i
eit anna rom med avsug. Eli Johanne, Mari og Tor slipte køllene i ein hall
nede. Ida Elin og Ida Kristin rensa formene, så dei var klare til bruk igjen.
May Helen og Olaug Katrin klipte glasfiber inn på eit anna rom . Etter ei stund
kom Tor og henta oss, for vi skulle hand laminere.
Dei ferdigklipte glassdukane vart ein for ein fukta med polyester og lagt
nedi formene. Skumplastkjernene til skaftet på køllene vart lagt nedi formene
og vi pressa dukane godt ned i forma og rundt kjerna. Tilslutt la vi planke over
halv-formene og satte på tvinger for å presse glasslaminatet godt ned i
formene. Så måtte formene ligge for herding til neste gang.
Dag 6:
"MÅLING"
Som vanleg, varma vi opp dagen ved å ta pause på forskudd for å drikke
kakao. Etter ei stund var det å gjere rein forma for polyester og rydde opp
arbeidsrommet. Vi bar ut søppel, kosta og reingjorde utstyr. Dette gjekk fort
unna. Etter det fekk vi utdelt pussemaskiner og sandpapir, så det var berre å
sette i gong å pusse køllene. Etter både vel og lenge vart køllene godkjent
av vår medhjelpar Oddvin, og vi kunne ta ei velfortjent matpause.
Etter mat, fekk vi nokre hanskar så vi kunne finpusse på produkta med
Torbjørn som kontrollør. Dette gjekk fort og greitt så etter ei stund
kunne vi klargjere dei for måling.
Vi hengte opp snører i taket og la papir på golvet. Vi bora hol i enden på
kvar av køllene, plasserte skruar i dei og hengte dei i taket. Torbjørn
hjelpte oss å lage til ein ½ l topcoat med 1% herder, ca. 1ml, som skulle vere
nok til 8 køller. Vi tok kvar vår kølle og dekte dei med den gule, seige
målinga. I følge Torbjørn, gjekk dette heilt fint og utan for mange vanskar.
Vi gjekk frå køllene heilt tildekte med topcoat, for å tørke i fred. Både
Tor og vi var vel fornøgde med innsatsen.
7.dag:
"PUSSING"
Vi kom litt seint i gong, for Tor, Ida og Mari hadde vore på butikken. Det
fyrste vi gjorde var å pusse vekk ujamnheitar på køllene vi hadde måla
skrikande gule forrige gong. Vi måtte få av vokshinna på køllene, slik at ny
måling kunne feste seg. Etter å ha pussa lenge og vel, kunne vi ta ein
velfortjent pause, trygt forvissa om at verkstadfolka skulle sprøytelakkere
dei, og gje dei ein fin "finish" seinare.
Dette var det siste skikkelige arbeidet vi gjorde på dette prosjektet. No
gjenstod det berre å overrekke blomster og sjokolade til våre gode hjelparar
og ledelsen. Tor Øyvin gav oss eit innblikk i det bedrifta jobbar med.
|