Nominert til internasjonal pris for båtar i carbonfiber


Brødrene Aa har levert fleire båtar i karbonfiberarmert kompositt til reiarlaget L. Rødne & Sønner i Stavanger. Her krusar passasjerbåten Rygerfjord på Hyefjorden i mai 2004.

Br. Aa i Hyen er leiande i verda når det gjeld produksjon av komplette, kommersielle fartøy bygd i carbonfiber/plastkompositt. Dette er grunnen til at dei, som ei av tre verksemder i klassen marine, er nominert til JEC Composites Avards pris for 2005.

F.T.: Magnar Heimset

Brødrene Aa i Hyen vekkjer internasjonal merksemd for å byggje båtar av materiale laga av karbonfiber som armering i plaststoffet vinylester. Før brukte dei glasfiber i polyester. Karbon gjev eit tre – fire gonger sterkare materiale med opptil 40% lågare vekt. Dette har mykje å seie for fartøya sin brenseløkonomi.

– Ei stadfesting av internasjonal merksemd på det uviklingsarbeidet vi driv, seier dagleg leiar i Br. Aa, Tor Øyvin Aa til Firda Tidend.

Mange klassar
Verksemda er nominert til JEC Composites Avards pris for 2005. Prisen heng svært høgt. Det vert nominert i fleire klassar: Luft- og romfart, kollektivtransport, marine, bygg og anlegg, energi og industri og sport og fritid. Br. Aa er altså nominert i klassen marine, som ei av tre verksemder, og er valt ut mellom 65 aktuelle føretak. Dei har med andre ord kome til finalen i denne verdsomspennande konkurransen.

Leiande på karbon
Den vesle bedrifta Brødrene Aa i den enda mindre utkantbygda Hyen er altså leiande i verda på å byggje komplette, kommersielle fartøy i dette supersterke, ultralette materialet, som på engelsk heiter carbon fibre and vinylester-sandwich composite. Dei har utvikla tre båttypar i dette materialet; ambulansebåt, passasjerbåt for 64 passasjerar, og ei middels ferje for 97 passasjerar.

Hyggjeleg merksemd
– Det er sjølvsagt svært hyggjeleg med slik positiv merksemd omkring det utviklingsarbeidet verksemda vår driv, seier dagleg leiar tor Øyvin Aa til avisa.

– Men vi har eit litt ambivalent forhold til slike prisar. Det er gjerne lagt ned store ressursar i det utviklingsarbeidet som ligg til grunn for slike prisar, utan at det nødvendigvis gjev så stor utteljing, seier han.

– Prisen blir utdelt på messa i Paris 05. - 07. april, så då lyt vi vel prøve å vere representert der. Vi brukar å vere på denne messa, for ho blir rekna for å vere den mest omfattande materialmessa i verda. Men vi har aldri hatt utstilling der sjølve, fortel Aa.