|
Pensjonisttreff i Hyen Laurdag
04. september 2004 inviterte Hyen Pensjonistlag glppenpensjonistane til
fellesmøte i Gymsalen i Hyen. Det var påmeldt 120 deltakarar, og då leiaren
Olav Røyrvik ynskte velkomen, var salen bortimot fullsett. Dette årlege
treffet har etterkvart vorte ein tradisjon, og dei ulike lokallaga i
kommunen vekslar på å stelle i stand til fellesmøtet. 
Gymsalen i Hyen var bortimot fullsett med 120 frammøtte
pensjonistar frå heile kommunen.
Martin Ø. Ommedal heldt
"Ord for dagen". Han kunne ikkje unngå å kome inn på dei grusomme
hendingane i Beslan, og stilte spørsmål om kvifor vi går klar her hos oss.
Som eit apropo las han diktet "Kven skal eg takke". Han las og
sjølvskrivne dikt; om tur til støylen etter at støylssommaren var slutt, som
han kalla "Ein gamal gangsti", og "Tunbjørka heime fortel i
november".
|

Leiaren i Hyen Pensjonistlag, Olav Røyrvik, meinte han
ynskte velkomen til fellesmøte i Hyen for tredje gong.
|

Martin Ø. Ommedal tok seg av opningsinnslaget med ord
for dagen, og las m.a sjølvskrive dikt "Ein gamal gangsti"
|
Maten kom tidleg på bordet denne gongen, særleg med tanke på dei som hadde
reist lengst og kanskje var svoltne. Det vart diska opp med nydeleg rømegraut
og spekemat med rikeleg av alt som høyrer til. Og grauten vart spela inn etter
gamal skikk med Hyen Spelemannslag i spissen. Dei spela og
"taffelmusikk" mellom grauten og kaffien med melodiar som parisaren
"Fjordingen" og tangoen "Møllerens Iren". Vi såg tydeleg
at det rykka i dansefotar langs bordrekkjene. . .

Hyen Spelemannslag spela inn grauten. Etter dei kom kokkane Anne
Marie Eimhjellen og Aslaug Sæterlid, og til slutt ei lang rad med skålberande
pensjonistar med store mengder glinsande feit rømegraut. Alle vart mette. . .
|

Mange var mette, men ingen sovna når Sverre Folkestad
kåserte.
|
Så var turen komen til Sverre Folkestad med lokalhistorisk
kåseri. Han tok utgangspunkt i presten Gabriel Heiberg sine livaktige,
underfundige og tildels ukorrekte skildrinar av kommunen forma som svar
på ei lang rekkje skjemaspørsmål i 1743. Svara var sædeles
detaljerte og utfyllande, og omfatta alt frå geografi og dyreliv til
jord- og hagebruk og innvånarane sitt lynne. Sverre drog interessante
parallellar fram til vår tids aktuelle problemstillingar, og begeistra publikum
med mange artige poeng og god framføring.
|
|
Einar Solhaug prova til fulle at også pensjonistar kan
lære dikt utanboks. Han deklamerte det lange diktet "Mitt følge"
av Bjørnstjerne Bjørnson utan å blunke. På spørsmål om kva han
ville gjort om han hadde stått fast utan manus, svara han at den
problemstillinga hadde aldri vore aktuell. . . |

|
|

Olin Sande Holme
|

Ragni Solheim
|

Heidi Mjellem
|
|

Britt Kristin Mjellem
|

Lars Holme
|
Vi har sagt det før, og gjentek det gjerne; det gror godt
i Hyen Spelemannslag. Denne gongen har vi tillate oss å presentere ein
serie nærbilete av unge talentfulle felespelarar. Diverre var ikkje
alle til stades ved denne tilstellinga. Det er grunn til å gje honnør
til "gubbane" i laget som tek seg tid til- og brukar krefter
på å lære opp ungdomar i denne edle kunsten som dei gler så mange av
oss med ved ulike høve. |
- mheim - |