Hyen rykkjer opp ein fotballdivisjon

Spenninga var stor både blant spelarar og publikum då Eid 2 kom for å spele returkamp om opprykk på grusbana i Hyen. Eidarane hadde ein siger på 3 - 2 sist søndag å ri på. Var det nok? Nei!! Hyen vann 4 - 1 og samanlagt 6 - 4. Dermed kan spelarane på Hyen sitt lag sjå tilbake på ein særs vellukka sesong. Og dei har gitt dei trufaste tilskuarane mange gode stunder.


Opprykkslaget jublar etter kanpen.

Hyen stilte med: Øyvind Magnus, Geir, Kjartan, Ola Henning, Geir Sigurd, Hans Otto, Åsmund, Jon Bjarne, Kay Arne, Roger og Karl Erik. Laget hadde vel det sterkaste mannskapet som Hyen kan mønstre no. Eit utprega 4 -3 -3-oppsett som fungerte flott. Så til kampen.

Som venta starta kampen med noko fram og tilbake-spel på midten. Eid pressar litt  på og etter 10 minutt får Eid ein fårleg sjanse, men skotet går utanfor. Så skyte Roger hardt skot etter 15 minutt, men utanfor. 20. minutt: Eit innlegg frå høgre mot Eid-målet blir for vanskeleg for forsvararen. Han beinar ballen i eige mål, 1 - 0 til Hyen. No tek hyarane meir over banespelet. Jon Bjarne blir spela fri, men blir pressa og skyt over (22 min). Roger tar frispark frå 40 meters hald og slår hardt inn mot mål. Åsmund går opp til heading, men bommar. Dermed er målmannen utmanøvrert. 2 -0 (35 min). Kjartan tek frispark 5 meter inn på eigen halvdel, slår inn mot mål. Ballen sprett framfor målmannen og rett over tverrleggaren (44 min). Så går Jon Bjarne på et nytt flott løp gjennom forsvaret til Eid, men får ballen for langt framom seg og må vippe over den utrusande målvakta. Ballen gå utanfor(45min).


Frispark til Hyen ved Ole Henning, men kva gjer målmannen midt i målet? Ballen fyk i keeperhjørnet.

Andre omgong startar bra for Hyen, Ole Henning har kome inn for Roger og scorar på eit langskot (48min) 3 - 0.

Men så snur kampbildet seg: Eidarane tar over midtbana Øyvind Magnus må rydde opp i fårleg situasjon(50min). Karl Erik får sjå kort med haustfarge på. Eidar fårleg frampå og vippar over Øyvind Magnus, men og over mål (60min). Så reduserar Eid til 3 - 1 ved ein fin heading (70min), og det er ny spenning i kampen. Får Eid 2 eit mål til, må det ekstraomganger til. Men hyarane kjempar seg inn att i kampen trass i ein del kaotiske situasjonar framfor målet til heimelaget. Og så blir Jens Robert sett inn på bana. Han får med seg ballen i trengt posisjon, får vippa ballen nydeleg over målvakta, spring forbi og scorar, 4 -1 (45min). Dommaren la til nokre minutt, men kampen var no avgjort.


Og publikum er med, sjølv om veret ikkje er det beste.

Hyen er i 5.divisjon. Gratulerer!!

Tekst: Tor Larsen 
Foto: Øyvind Heimset Larsen