|
Ola Tormod
& Aase festen laurdag 21. oktober
2006

Heile bygda var invitert til fest då Hyen skule ville takke
Ola Tormod Ommedal og Aase Hope for innsatsen.
Tekst: Tor Larsen
Foto: Ola Holme
To velkjende personar i skulemiljøet i Hyen har gått av
med pensjon etter mange år med skulen som arbeidsplass. Ola Tormod Ommedal
gjekk av etter 39 år som lærar og seinare rektor, og Aase Hope som lærar, lærarvikar
og reinhaldar. Skulen ville takke dei for innsatsen gjennom alle desse åra
med ein bygdefest.
Stor festivitas
Festen vart arrangert etter ei veke med konsentrerte øvingar
i dei eldste klassane heile den føregåande veka. Heile bygda var invitert og
folk stilte mannjamt opp og fylte gymsalen. Vidare var ordførar med frue og
skulesjef til stades for å markere kommunen si takksemd til dei to med så
lang fartstid i deira teneste.

9. og 10. klasse opna programmet med å framføre ein Jakob Sande-tekst, ”Kleppe-Maret”.
Program
Programmet starta med ein Jakob Sande-tekst, ”Kleppe-Maret”,
framført av 9. og 10. klasse der også 8.klasse var med på sceneillustrasjon
av songen.
7. klasse bidrog med musikkstykke. 10.klasse hadde øvd
inn sin versjon av ”Peer Gynt” som dei framførte. Eit kor av dei fire
eldste klassane debuterte, og 8.klasse framførte ”Blåveis-piken”.
Programøkta var passe lang denne gongen, og vi gjekk over i matøkta med rømmegraut
og spekemat på menyen.
Ola Tormod har vore trufast deltakar i mannskoret og i
spelemannslaget. Begge laga stilte opp denne kvelden og underheldt.
Ola Tormod, som har vore ein drivkraft i spelemannslaget, slapp ikkje
unna denne gongen heller. Han måtte opp til dei andre og spele med. Det sette
tydeleg både han sjølv, laget og publikum i salen stor pris på.

Ola Tormod får KS sitt heidersteikn, presang og blomar.
Ordførar Anders Ryssdal helsa frå kommunen.
Helsingar
Etterpå var det kaffi og kaker på tradisjonell vis her
i bygda. Under kaffien vart det helsingstalar og overrekking av gåver frå
kommunen ved ordføraren til begge dei ferske pensjonistane, som følte dei var
komne i godt gjenge i sitt nye liv. Aase fortalde ho hadde rykka til, av gamal
vane, då tida var der for å møte på jobb. Det var den første dagen, men
sidan hadde ho ikkje merka noko. Så tilvenninga tok ikkje lang tid.
Helsingar fekk dei og frå lag og organisasjonar i bygda.
Stor jubel fekk Even då han, som representant for elevrådet, song og spela
gitar for Ola Tormod frå scena.

Til avslutning for kvelden stilte heile skulen opp, alle
klassane og lærarane, framfor og på scena, og song som kanon:
Du har noko ingen andre har
Ingen er som deg
Du kan mykje, har litt av kvart å lære meg
Glad for at eg møtte deg
Eg er glad for at du lever.
Tekst Grethe-Karin Hovde
|