Odd-Bjørn rota vekk gullet

Fjellhug/Vereide-Hyen løparen Odd-Bjørn Hjelmeset rota det til igjen. Med minst mogeleg margin klarte han å tøve vekk ein sikker gullmedalje på målstreken i NM sprint i Meråker.

Odd-Bjørn Hjelmeset såg ut til å ha ein god dag på jobben i klassisk NM sprint i Meråker i dag, fredag 19. januar 2007. Han gjekk inn til ein overtydande fjerdeplass i prologen, og tok seg lett og tilsynelatande kontrollert vidare gjennom kvart- og semifinalane.

I finalen gjekk det tydelegvis tyngre, og han fekk slite for å skaffe seg luke i dei to "Odd-Bjørn spesial diagonalmotene" i den harde sprintløypa. Særleg var Olav Vigen Hattestad ei seig nøtt å knekkje.

På oppløpet verka det likevel som Odd-Bjørn hadde rimeleg god kontroll. Men denne gongen var det haudet som svikta. Han starta gullfeiringa nokre meter før målstreken, akkurat nok til at konkurrenten, Olav Vigen Hattestad, fekk strekt stortåa såvidt framom.

Kva var det ho sa, kjerringa, ho blødde naseblod: Er det ikkje det eine, så er det det andre. . .


Denne gongen var det hovudet som svikta då Odd-Bjørn Hjelmeset rota vekk ein sikker gullmedalje på målstreken i klassisk sprint i NM i Meråker. (Arkivfoto)