Odd-Bjørn vann bronse

Om ein kan seie at Fjellhug/Vereide-Hyen løparen, Odd-Bjørn Hjelmeset, tapte gullet på klassisksprinten, så vann han bronsen på 30 km duathlon i NM i Meråker laurdag 20. januar 2007. Han var heile vegen med i kobbelet som kjempa om sølv og bronse, og i spurten var det  berre Krister Trondsen frå Strindheim IL-Ski som var sterkare.

Frode Estil var i ein klasse for seg og stakk av frå resten av feltet straks etter skibyte etter 15 km. Før det hadde han meir enn tids nok med å følgje Odd-Bjørn som drog stort sett heile klassiskdelen av løpet og var førstemann ved skibyte.

Spurta til bronse
Odd-Bjørn har ikkje sin forse i skøyting, men er utruleg god til å henge. Spurte kan han også i fristil. Han utnytta desse eigenskapane maksimalt, og greidde som sagt å kapre ein noko overraskande bronsemedalje.

Lagkameraten, Roger Aa Djupvik, hadd eit uhell like etter start og sleit tungt med å ta igjen teten. Men han gjekk eit jamt godt løp og kom inn til ein fin 12.plass like føre veteranen, Kristen Skjeldal, som han hadde hatt følgje med stort sett heile vegen.

Sterkt stafettlag
Det blir spennande å sjå kva desse to Fjellhug/Vereide-Hyen løparane kan greie på stafetten søndag saman med lagkameraten og junioren, Trygve Henden Gaasø. Kanskje kan det bli medalje der og?

 


Om Odd-Bjørn Hjelmeset tapte ein gullmedalje på målstreken i klassisk sprint i NM i Meråker, så vann han bronse på 30 km duathlon. (Arkivfoto)