|
Skyttarlaget byggjer for
framtida

Med
det nye skyttarhuset der alt er under same tak, håpar vi å få eit anlegg som
vil vere moderne i mange år framover.
Nytt anlegg
Heilt sidan telen gjekk tidleg i
vår, har det vore stor dugnadsaktivitet på Åbakkane. Vi i skyttarlaget
har i godt og vel eit år jobba med å rehabilitere skytebaneanlegget. Tida
hadde gått litt ifrå det anlegget vi hadde ståande, og det var berre så vidt
egneleg til å arrangere banestemne der. Vi stod overfor eit val om anten å
ruste opp 100m-standplassen slik at vi hadde ei bane til trening og lagskytingar,
eller å rehabilitere heile bana til eit moderne anlegg med 100m- og 200m-baner
som kan stette krava frå såvel skyttarar som publikum. Det er klart at det å
byggje opp eit nytt anlegg frå grunnen av er ei stor utfordring for eit lite
lag. Men på same tid er vi eit aktivt lag som ynskjer å vere på skyttarkartet
i framtida og.
Rehabiliteringa er delt i to
prosjekt. Det eine går på skyttarhuset med standplassane og kafe/kontordelen
som skal stå ferdig i år. Og det andre går på elektronikken, med elektroniske
skiver og anvisningssystem både på 100m og 200m som skal vere klart i 2004.
I det nye anlegget vil det vere
plass til 10 skyttarar både på 100m- og 200m- standplassane. Og med el.skiver
til alle seier det seg sjølv at det er eit kostbart prosjekt. Den totale
kostnadsramma er på 3,6 millionar kroner fordelt med 1,9 mill. på skyttarhuset
og 1,7 mill. på elektronikkdelen. Vi har fått tilsagn om kroner 550.000,- i støtte
frå fylkeskommunen til kvart av prosjekta. Og for at det skal gå i hop økonomisk
må alt arbeid gjerast på dugnad.
Støyisoleringa har vore viktig
sidan vi har valt å ha både standplass og kafe/kontordelen under same tak. Men
vi har tru på at det å ha garderobe og kafe med resultatvisning på storskjerm
so og seie vegg i vegg med standplass, skal gje oss eit kompakt og effektivt
skyteanlegg.
Skytesesongen
2003
Hyen
stilte med 12 deltakarar på Landsskyttarstemnet på Oppdal. Det var ei fin veke
med god stemning og alle kom seg vel heim før stor u-veret
slo til i Trøndelag. Beste resultat sto Ole Arild Aa for med 25.plass på
baneskyting (342p og best frå Sogn og Fjordane) og 55.plass på NM grovfelt.
I Norges Cupen har vi fått
fleire gode plasseringar i år. Nils Holme skaut 346p og fekk 3.plass under eit
NC-stemne i Sunndal. Bertel Odne Mjellem hadde ei storhelg på Austlandet der
han fekk ein 3., ein 5. og ein 10.plass på dei tre siste stemna i Norges Cupen.
Det beste resultatet oppnådde han i Tingelstad med heile 348p. Og her var begge
niarane 9,9. Vi vann fylkescupen i lagskyting med 1360p som er 340p i snitt.
Peder Holme vann sin klasse på Olsokstemnet i Markane med 394p som er solid
rekord på dette stemnet.
På fredagskveldane er vi no komne
godt i gong med treninga til neste sesong. Det blir mykje skyteprat om resultat,
teknikk, skytestillingar, ambisjonar og eindel om jakt. Alt i midten av januar
startar den nye sesongen. Då går det i innandørsstemne mest kvar helg til ut
februar. Men før den tid er det jul.
Hyen skyttarlag vil
takke alle som har hjelpt til og gjort ein god innsats på skytebana i år, og
ynskjer alle god jul og godt nytt år.
Tekst: Ole Arild Aa

Magne
Osmundnes som styrer økonomien for prosjektet, stiller og opp med dugnad på
bygget. I bakgrunnen: Geir Kjetil Aa, Peder og Terje Holme.
|