Brødrene Aa leverer enda ein ambulansebåt til Rødne


Den superlette Rygerdoktoren krusar på Hyefjorden sommaren 2002.        Foto: Ole Matias Aa

Enda ein båt i karbonsandwich står på beddingen hos Br. Aa AS, og skal leverast i september i år. Det er ein eittskrogs båt bygd etter eit liknande konsept som Rygerdoktoren, ein kombinert ambulanse- og utekontor-båt som vart levert sommaren 2002. Den nye er ein kombinert ambulanse- og passasjer-båt som skal leverast til Rødne sin base i Austevoll i Bjørnafjorden sør for Bergen.

- Går det i retning av meir båt igjen hos Br. Aa? Hyen på Nett stiller spørmålet til adm. dir. Tor Øyvin Aa.
- Det blir nok bygt meir båt etterkvart, men vi kjem framleis til å produsere m.a. for offshore-verksemd. Det er godt for bedrifta å ha fleire bein å stå på. Lenge var vernedeksel for oljeinstallasjonar på sjøbotnen viktigaste produksjonen vår, og økonomien var sikker og god ei tid i den geskjeften. Men etter kvart vart det fleire produsentar som hivde seg på, og prisane gjekk ned. Vi har bak oss ein periode då denne produksjonen, meir eller mindre, hadde preg av rein sysselsetjing for vårt vedkomande. Dei låge prisane førde til at fleire av dei "nye" hoppa av igjen, og no er prisane på veg opp.
- Det er meir spennande med båt, kanskje?
-
Ja, og det er no rimelegvis båtbygging vi har kultur for, og som står bedrifta sitt "hjarte" nerast, veit du. Dessutan vert det meir liv og røre rundt båtbygging med fleire oppdrag for underleverandørar. Det kjem folk frå andre bedrifter for å utføre deloppdrag hos oss, noko som har positive ringverknadar for anna næringsverksemd i bygda.
- Har de fleire båtkontraktar i siktet?
- Ja, absolutt. Men det er litt for tidleg å gå ut med konkrete ting no. Det er nok gode sjansar for at vi dreg i lande ein interessant kontrakt med det fyrste, og det er ikkje Rødne som er kontraktør denne gongen . . .

Hyen på Nett kjem til å følgje den spennande utviklinga nøye, og vi kjem attende med nytt stoff så snart ting evt. er i boks.

- mheim -