2004
Framhald

 


Skuffelsen var stor etter tapet i 8-delsfinalen både hos jentene og dei vaksne. Men dei spelte mot
eit godt lag, og tapte. Etter at dei hadde fått summa seg, stilte alle jentene seg i ein ring og song:
"Vi gav alt, alt for Hyen,
ofra alt - vi måtte det.
Vi er svarte, kvite, blå
neste år skal jammen vi stå på for Hyen, vår kjære bygd!


Blant publikum var det både fastbuande og utflytte hyarar, og alle følgde nøye med når hyejentene spela.
Det er veldig kjekt at sambygdingar som bur i Oslo møter fram og er med og heiar på hyelaget.

Hilde Aa var med jentene der dei budde. Ho var kokk, fysioterapeut, trenar og anna som dei trong.
Tor Øyvind Aa var lagleiar og administrator for laget og hadde ansvaret for alt som hadde med kampane å gjere, medan kona Gerd var medisinsk ansvarleg og ordna med både is og plaster når det trongst. Olav Hjorteset stilte også i år huset sitt til disposisjon for laget. Stor takk til alle desse! Dei var med på å gje både jentene våre og oss andre som var med ei kjempeflott veke.

Tekst og foto: Bodil Solheim Klungre

Norway cup i fjor >