2004
Framhald

I A-sluttspelet klasse U vart det tøffare. I 16-delsfinalen gjekk dei vidare med eit naudskrik med 2-1 mot Skåbu Tverrbygda etter straffespark-konkurranse. I 8-delsfinalen vart det tap 2-3 mot sterke Kvik Halden.

I første sluttspelkampen der det var vinn ellet forsvinn, spela laget mot Skåbu Tverrbygda. Kampen var ulideleg spennande heile tida, og det stod uavgjort 1 - 1 etter ekstraomgangar. Dermed var det klart for jentene sin store skrekk; straffesparkkonkurranse. Dei mest fortvila  var Benedikte som hadde brent ei straffe tidlegare i kampen, og Ida som hadde keeperjobben. Heldigvis redda Ida alle skota, og Benedikte  scora på si straffe. Resultatet vart altså at hyejentene gjekk vidare til 8-delsfinale med 2 - 1. Det vart naturlegvis vill jubel etterpå. Keeper Ida ligg underst i denne røysa av lukkelege jenter.
Men så kom tårene, gledestårer og lettelsestårer fordi dei vann straffesparkkonkurransen.

Framhald >